Førehandsbompengar frå 1. mai
Det er ikkje slik at Stortinget har gitt Hardanger ei bru.
Publisert:
Oppdatert:
Les også:
Staten skal ikkje betala meir enn ein tidel av kostnaden. Men hardingane har fått lov til å kjøpa seg ei bru, og gleda er like stor ho var for potensielle bilistar som før 1960 fekk lov av Staten til å kjøpa seg ein bil.
- Det er kjøpeløyve vi har bede om, og det fekk vi, triumferer Sverre Kleivkås, leiar i aksjonskomiteen..
1. mai kjem den første rekninga på bordet. Då stig billettprisen på ferja Bruravik - Brimnes frå 51 til 79 kroner, så sant bompengeselskapet får avtalen med HSD i orden i tide.