Hjelpekorpset vonar på stor oppslutnad av frivillige, slik at dei kan finkjemma området ved Blåskavlen i slutten av juni, melder Aurlendingen.

Sakna sidan påske

Direktøren i selskapet som mellom anna har drive Flåmsbana etter privatiseringa, vart meldt sakna 15. april, då han ikkje kom på arbeid etter påskeferien.

Leitinga har hittil vore resultatlaus. No vil hjelpekorpset organisera manngard så snart det minkar på snøen i området.

Skitur

Casparsen skal sist ha vore observert 7. april, og Monna Kjos Allmenningen i Flåm Utvikling fortel til bt.no at ho fekk ei tekstmelding frå sjefen den dagen. Teorien er at dansken la ut på ein skitur mot Blåskavlen 7. april. Sidan har ingen sett han, eller høyrt noko frå han.

ARNE HOFSETH (Arkivfoto)