Men Fleischer’s Hotell er i det vare og lyriske hjørnet fredag kveld.

«Kor var ho var» er overskrifta på framsyninga som Heidi Tronsmo, Erling Wollestad og Glenn Erik Haugland skal gje til beste før klarsignalet går for etargildet.

Lyden frå sandpapir supplerer tre blåseinstrument når Olav H. Hauge-tekstar blir tonelagde.

Vare kvinnesinn

Dei tre kunstnarane nærmar seg den hypersensitive sida av diktarhovdingen frå Ulvik. Ikkje berre varleg med silkehanskar. Dei fortel soger om å vera åleine, tolka og feiltolka omverda, ikkje minst kvinner. Dagbøkene fortel at Hauge plaga seg sjølv for måten han omgjekk kvinnene på, hårreisande tilfelle av avvising og neglisjering av kvinner han eigentleg kunne tenkt å vera ven med.

Nyskriven musikk

I framsyninga «Kor var ho var» deltek Olav H. Hauge sjølv i arkivopptak, tekstar vert lesne til nylaga musikk, og her er reine musikkbitar.

Ein forløpar av programmet vart framført på Os i 2008, og ein ny versjon imponerte ein fullstappa Grøn Kafe under Ulvik Poesifestival i haust.

Bryllaupsmiddag

Kvifor Olav H. Hauge på Fleischer’s i julebordstrida? Hotellet kan skryta av å ha servert festmiddagen då han om sider gifta seg, med Bodil Cappelen. I den vidgjetne dagboka si skriv han 27. januar 1978:

«Til Voss til sorenskrivaren. Vart vigde av Nygaard kl. 1 i dag. Vitne var Oddmund og Kårhild. Det var ikkje lang pina. So på Fleischer hotell til eit festmåltid. Eg var so forkjølt og skral, men tenkte eg fekk no herda påkjenningi. Vel, vel, betre seint enn aldri.»