Mannen som slo og sparka vart dømt til 30 dagars fengsel på vilkår, og må betala 3000 kroner i bot. Retten er samd i at utsegna var provoserande, men ikkje alvorleg nok til frita for straff. Retten legg vekt på at offeret vart slege ned, og deretter sparka med eit kne i hovudet medan han låg på kne. Her er mishøvet mellom ærekrenkinga og lekamskrenkinga for stort, meiner retten.