Hotellstreiken blir trappa opp i morgon tidleg. Rica Sunnfjord Hotel i Førde og Quality Maritim Hotel i Florø er blant dei 19 bedriftene som blir tatt ut. Victoria Hotell i Førde vart tatt ut i streik allereie sist søndag, men held framleis ope som vanleg.

Førebels ope

Med opptrappinga i morgon vil begge hotella i Florø vere tatt ut, men heller ikkje Quality Maritim Hotel vil bli stengt.

— Nei, vi skal prøve å halde ope så lenge vi kan, seier hotelldirektør Jonas Erlander.

Medan hotella i Florø førebels held ope vil Rica Sunnfjord Hotel i Førde stenge. Hotellet er det største i Førde med 157 rom og 330 hotellsenger. Frå i morgon er difor berre Quality Førde Hotel, med 62 rom, ope.