Dei tre første månadene blei det 44 fleire førdianarar. Det skjer samstundes med at Flora opplever negang. I kystkommunen budde det 11341 personar ved utgangen av mars, i Førde var folketalet 11195.

Ifølgje tal frå Statistisk Sentralbyrå har Sogn og Fjordane saman med Hedmark, Oppland, Telemark, Nordland og Finnmark tilbakegang i folketalet.

Berre åtte av dei 26 kommunane i fylket har auke. Nedgangen er størst i fiskerikommunen Vågsøy. I Hordaland går folketalet fram. Det skuldast vekst i Bergen og nabokommunane.

Første kvartal blei det 741 fleire bergensarar. I Hardanger går folketalet tilbake.