Tingretten legg vekk på at politiet har funne DNA frå den sikta på Anne Slåttens bh og høyre bryst.

Politiet trur drapet på den 22 år gamle sjukepleiestudenten kan vere seksuelt motivert.

Sikta møtte ikkje sjølv i tingretten. Han ønskjer ikkje å seie noko meir enn det han har gjort i politiforklaringar.

Retten understrekar at den sikta ikkje har kunner redegjere for korleis hans DNA er funne på Anne Slåtten.

I avgjerdsla til tingretten, kjem det óg fram at Anne Slåtten døydde etter å ha blitt kvalt, akkurat som Hedda Karterudseter i Sogndal. Det er obduskjonsrapporten fra Gades institutt i Bergen som viser dette.

Retten meiner det er grunn til å mistenke 41-åringen for å ha teke kvelartak på den 22-årige sjukepleiarstudenten med det for auge å drepe ho.

Sunndfjord tingrett legg óg vekt på omsynet til folks rettskjensle, og meiner det ville vore provoserande for pårørande og folk flest om ein sikta i ein så grov sak vart lauslatt.

Politiadvokat Sissel Kleiven opplyser at politiet ønskjer å halde 41-åringen i varetekt kontinuerleg fram til påtalespørsmålet er avklara og vidare fram til ei eventuell straffesak.

Påtalemakta har allereie lempa ein del på fengslingsvilkåra, slik at 41-åringen no har tilgang til både aviser, radio og fjernsyn. I tillegg er brev— og besøksforbodet omgjort til brev- og besøkskontroll.