Nyborg hadde vunne alle dei første elleve kampane denne sesongen før dei tapte for Førde i går. Framleis er Nyborg suverene serieleiarar med 33 poeng framfor nettopp Førde som har 25 på 2. plass, men gårsdagens overrasking i Førdehuset skapte ny spenning rundt tabellsituasjonen.

— Me har sjølvsagt ikkje gitt opp å ta Nyborg igjen. Me var elleve poeng bak, no er det åtte, og me skal spela mot Nyborg to gongar til denne sesongen, seier Førde-trenar Undheim. Han var storfornøgd etter at Førde vann med settsifra 3-1 i går.

  • Dette var ein kjempebra kamp av oss, og me hadde kontroll heile vegen. Nyborg har vore Noregs desidert beste lag i haust, og me visste det ville verta ein tøff kamp, men me var gode i alle fasar av spelet og vann, seier Undheim.

Nyborg-kaptein Øivind Hordvik seier det var bittert å tapa mot Førde.

  • Men akkurat i dag spelte me ikkje betre enn at me fortente å tapa. Dei var betre enn oss i forsvar og hadde større innsats enn oss, seier Hordvik.

Seinare denne månaden skal Nyborg spela sluttspel i Nordic League. Tapet for Førde kan ha vore ein nyttig vekkjar før møtet med dei beste frå Sverige og Danmark, trur Hordvik.

  • Det kan vera positivt for framtida at me kom oss litt ned på jorda igjen etter å ha styrt og vunne kvar kamp så langt denne sesongen. Grunnen til at me tapte mot Førde sat mykje i hovudet på spelarane. Me er ikkje vande med å liggja under, seier Hordvik.
Førde - Nyborg. ARKIVFOTO: ØRJAN DEISZ