Det går fram av ei pressemelding frå Helse Førde i ettermiddag. 53 år gamle Aud Viken har vore ordførar i Førde sidan 1988. Ho har takka nei til attval.

Det har vore knytta stor spenning til kven som skulle få den ledige stillinga. I alt melde det seg 14 søkjarar, fleire av dei med solid bakgrunn.

I følgje pressemeldinga kan det hende at Viken tek til i stilling om kort tid. Det kan innebere at ho vurderer å trekkjer seg frå ordførarvervet før perioden er omme.