Det var i september at mannen, som er i byrjinga av 30 åra, blei pågripen då han kom med ekspressbussen frå Oslo til Førde.

Den dømde hadde gøymt stoffet i rectum. I tillegg er førdianaren også dømd for ved eit anna tilfelle å ha kjøpt og oppbevart fem gram heroin.

Mannen har erkjent straffeskuld og tilstått.

Aktor la ned påstand om fengsel i eitt år og åtte månader, men dette meinte retten var for strengt og reduserte straffa med eit halvt år.

Dommen er endeleg sidan ingen av partane har anka.

Førde-mannen har ei lang forhistorie som rusmisbrukar, og er både dømd og bøtelagt ei rekkje gonger.