Med 28,3 prosent av stemmene får Høgre åtte representantar i det nye kommunestyret. Ap er nest største med 26,7 prosent og sju mandat.

Kommunevalet i Førde gav eit borgarleg fleirtal, og med Høgre som det klart største borgarlege partiet tyder det meste på at Grotle overtek ordførarklubba.

Den store taparen ved valet i Førde er Sp. Ordførar sidan 2003, Nils Gjerland, takka for seg før årets val. Oppslutnaden om partiet er halvert samanlikna med 2007.

Førde held fram med å vere ein av dei sterkaste SV-kommunane i landet. For åtte år sidan var SV størst i Førde, denne gongen fekk partiet 9,3 prosent av stemmene.