Lagmannsretten har sett av halvanna veke til rettssaka.

Begge partar anka dommen frå Fjordane tingrett tidlegare i år. Der blei Øyfred Henning Standnes funnen skuldig i drap, og dømd til 13 års fengsel.

Den dømde Gaular-mannen har heile tida sagt han er uskuldig. Påtalemakta meiner på si side han fekk for kort straff, og har anka straffeutmålinga. Aktor la i retten ned påstand om 17 års fengsel.

Same dagen startar for øvrig også straffesaka mot somaliaren som er tiltalt for drapet på folkehøgskuleeleven Hedda Karterudsæter i Sogndal.