Trude Espås vart funnen drepen i Geiranger i august 1996. Ei av dei mest omfattande drapsjaktene nokon sinne har ikkje ført politiet til gjerningsmannen.

No står politiet i Førde overfor den same situasjonen. Tre veker med intens jobbing har resultert i at over 300 personar har vore til avhøyr. Svært mange av dei har gjeve DNA-prøve. I tur og orden er dei sjekka ut.

— Ser likheiter

— Eg ser at det er likheiter, og vi står overfor mange av dei same utfordringane i vår sak, men så langt har vi ikkje funne grunn til å sjå nærmare på Espås-saka, seier lensmann Kjell Fonn til BT.

— Vil de gjere det?

— Vi har framleis mange arbeidsoppgåver. Kva som vil skje framover, er det vanskeleg å seie noko om, seier Fonn.

Han ønskjer ikkje å kommentere dei mange likskapstrekkja sakene har:

n Drapa skjedd i nærleiken av sentrum, og ofra vart dumpa i område som er sterkt trafikkert både av biler og fotgjengarar.

n Ofra er unge kvinner som ikkje var heimehøyrande på staden der dei vart drepne.

n Den eller dei som står bak drapa har kome seg vekk frå åstaden utan å bli observert.

n Politiet har lagt ned store ressursar i å kartlegge alle rørsler både i Geiranger og Førde i tida før og etter drapa. Det har ikkje brakt dei nærmare ei løysing.

n I begge sakene har politiet i starten jobba ut frå at gjerningsmannen har lokal tilknyting. I Førde verkar det som om ein no går vekk ifrå dette sporet.

DNA-prosjekt

Espås-saka er enno ikkje lagt bort, men politiet innser at det skal mykje til for å løyse saka. Då er håpet mykje større for drapsjegerane i Førde. Til forskjell for Espås-saka har ein her ein fullverdig DNA til den som drap Anne Slåtten.

Lensmann Kjell Fonn nektar å snakke om DNA-bevisa dei sit på. Heller ikkje kor mange som har avgitt prøve.

Det er ikkje utenkeleg at politiet no vil setje i gang eit storstilt DNA-prosjekt i lokalmiljøet for å på den måten å utelukke at gjerningsmannen er frå nærområdet. Det kan vere at menn i ein viss alder blir tekne inn, eller at ein går på bestemte miljø.

— Eg kommenterer ikkje kva planar vi eventuelt har, seier lensmannen.

Sjekkar gjester

Fredag fortalde Fonn at politiet ville snu tipsbunken for å sjå om det var opplysningar dei hadde oversett. Dette er gjort, utan resultat.

— Vi har ikkje funne noko som kan føre oss vidare, seier Fonn.

Avisa Firda skreiv i går at politiet har henta inn lister over alle overnattingsgjester som var i Førde drapsnatta. Dei rundt 900 personane vil no bli sjekka, og fleire av dei må regne med å bli tekne inn til avhør.

— Dette er eit omfattande arbeid. Heldigvis er fleire av dei norske. Vi ber derfor om hjelp frå politidistrikta desse personane bur i, seier Fonn.

I helga har det vore redusert etterforsking i Førde. I morgon er derimot Kripos sin taktiske etterforskarar tilbake, og jakta på drapsmannen held fram.

<b>STÅR STILLE:</b> Drapsjakta i Førde er i ferd med å stoppe opp. I eit forsøk på å kome vidare vurderer politiet no å avhøyre mange av dei 900 overnattingsgjestene som var i byen drapsnatta, opplyser lensmann Kjell Fonn. ARKIVFOTO: ODDLEIV APNESETH<p/>
<b>DREPEN</b><b>:</b> Anne Slåtten (23).
<b>DREPEN</b><b>:</b> Trude Espås (21).