– Vi slår no fast at den 52 år gamle mannen som vart funnen død i Førde søndag kveld, ikkje har vore utsett for noko kriminelt. Det er ikkje grunnlag for å seie noko anna enn at dette var eit ulukkestilfelle, seier lensmann Kjell Fonn til bt.no.

Mannen vart funnen i bakgården på eit forretningsbygg ved Førde sentrum, og har falle utfor ein bratt skrent. Politiet karakteriserte dødsfallet som mistenkeleg, og fekk bistand frå blant anna Kripos.

– Utfrå Kripos sitt arbeid på åstaden og undersøkingane av avdøde ved Gades Institutt, samanhelde med den taktiske etterforskinga, er det klart at dette er ei ulukke, seier Fonn.

Tysdag ettermiddag frigav politiet også namnet på den avdøde.

Det var den 52 år gamle Erik Olsen, busett i Florø. Olsen arbeidde som typograf i lokalavisa Firdaposten i Florø, og det var etter eit julebord med kollegar i Førde at den tragiske episoden skjedde natt til søndag.

ODDLEIV APNESETH