Flaggrutebåten «Draupner» vart torsdag beordra til kai, etter at ei flåteøving viste at redningsflåtane ikkje fungerte. Skipskontrollen i Bergen inndrog sertifikata til «Sleipner»s systerskip då to av tre redningsflåtar hamna med botnen opp i sjøen under ein test.

— Dersom noko hadde hendt med «Draupner», ville flåtane ikkje fungert. Det er svært alvorleg og trist, seier distriktssjef Magne Rødland i Skipskontrollen i Bergen. Han var sjølv vitne til øvinga, og sørgde personleg for å ta sertifikata.

Fire båtar har utstyret

Flåtearrangementet er levert at Sotra-firmaet Norsafe Selantic AS. Sjøfartsdirektoratet sende i går ut melding til fire norske snøggbåtar som har utstyret om at dette automatiserte utsettingssystemet ikkje må nyttast.

Dei fekk i går ordre om at dei må basere seg på manuell utsetting. Det er ikkje nødvendig med ombyggingar; systemet er konstruert slik at det kan veljast mellom manuell og automatisk utsetting. - Vi meiner det var automatfunksjonen som gjorde at det gjekk gale, seier fungerande avdelingsdirektør Karstein Thingvold i Sjøfartsdirektoratet

Same flåtar som på «Sleipner»

«Draupner» har dei siste vekene vore brukt i Flaggruten mellom Bergen og Stavanger. Båten låg i går ved Oma Slip på Stord, der det vart arbeidd med å finne ut kva som svikta.

Den stygge flåtefeilen på «Draupner» vart oppdaga berre fire månader etter at båten på ny vart godkjent for passasjertrafikk. «Draupner» vart umiddelbart beordra til kai då systerskipet «Sleipner» gjekk ned utanfor Haugesund 26. november 1999. Flåtane på «Sleipner» svikta totalt då båten havarerte. Tre av fire flåtar vart aldri løyst ut, den fjerde dreiv av garde opp ned og forsvann. Granskingskommisjonen slakta systemet fullstendig, og slo fast at det aldri skulle vore godkjent.

På systerskipet vart det gjort store ombyggingar. Dei fire 140-mannsflåtane vart flytta høgare opp i båten, og det vart montert fire ekstra 65-mannsflåtar oppe på dekk.

- Skal fungere

Likevel svikta også det nye systemet fullstendig torsdag.

— Dette er alvorleg. Slik utstyr skal fungere når vi får bruk for det, det er eit absolutt krav, seier fungerande avdelingsdirektør Thingvold i Sjøfartsdirektoratet.

Dei vil no gå Norsafe Selantic nærare etter i saumane. Det har tidlegare vore funne alvorlege feil også på andre redningssystem frå Sotra-bedrifta. I fjor vinter vart 13 ferjer stoppa av direktoratet etter at det vart oppdaga feil i pakkinga av flåtane.

Foto: Lars Mæland