Are Kalvø

Det står veldig mykje i eit statsbudsjett. Om petroleumsforvaltning, om forvaltning av bygningstiltak, om stønad ved adopsjon, om prisar for å gå til legen. Dette er ting du kanskje får vite noko om når budsjettet blir lagt fram. Og kanskje ikkje. Vil du vere sikker, må du lese budsjettet sjølv.

Du kan derimot alltid,, kvar gong, vere brennsikker på at du får vite kva budsjettet vil få å seie for prisen på alkohol og tobakk. Og du vil garantert få intervju med nokon som meiner noko om det.

Så lenge det står eit eller anna om alkohol eller tobakk i statsbudsjettet — kva! - så vil du får klar beskjed om det. Skal vi bli kvitt alle dei utruleg irriterande og alltid like keisame reportasjane om prisar på alkohol og tobakk, så spørst det nok om vi ikkje rett og slett må forby skiten.

NÅR STATSBUDSJETTET BLIR LAGT FRAM , så har partileiarane og dei finanspolitiske talspersonane eit halvt sekund på seg til å reagere. Det er nok for dei, for dei veit kva dei skal seie, og dei veit at ingen høyrer etter likevel.

Og så har du alle som skal omtale budsjettet, gjere det forståeleg for vanlege avislesarar og fjernsynssjåarar. Dei har også dårleg tid. Kanskje skriv dei om kystforvalting og samiske formål, kanskje skriv dei om utgifter til filmproduksjon. Kanskje skriv dei om eignelutar hos legen. Kanskje om forsvarskutt. Og kanskje ikkje. Sannsynlegvis ikkje. Men dei skriv heilt sikkert om røyk og alkohol. Fordi det er så lett for dei.

Det er berre å gå ein tur ned på puben på hjørnet, forbi baren, rundt keybordet som står att på dansegolvet etter i går kveld, inn til det innarste bordet, der han sit, han som alltid har sete der, han som har vore der så lenge at mange som berre er innom trur han er ein del av interiøret, han som har vore der så lenge at det høyrer med til unntaka at personalet hugsar på å ta han med seg når dei stengjer for kvelden, han er der dagen etter, og han har notert kor mange halvlitrar han har skjenkja seg i løpet av natta.

Det er berre å gå bort til han, setje seg ned ved bordet, ta eit bilete av han gjennom røyken og spørje kva han synest om at tobakken skal bli dyrare. Sidan han har sete der og stort sett brukt livet til å slenge replikkar til folk som går forbi, så er han siterbar, som det heiter. Spør du han om ein post i statsbudsjettet, så svarar han ikkje forsiktig og nølande, han seier for eksempel: «Nei, dette har eg sagt i årevis, at denne regjeringa her er som nazistiske talibanarar, skulle vore kastrerte heile gjengen.»

Og då har dei ei sak. Det er for enkelt.

ELLER det er berre å ta seg ein svipptur til Sverige, prøve å finne ein nordmann med treningsdrakt, eller be nokon om å ta på seg ei treningsdrakt, fordi at dei ser meir ut som vanlege folk då, har nokon bestemt, og spørje dei om dei kjem til å halde fram med å reise til Sverige sjølv om vinen blir litt billegare. Og så har dei ei sak. Det er for enkelt.

Forbyr vi alkohol og tobakk, så blir dei nøydde til å skrive om noko anna. For eksempel om at Miljøverndepartementet brukar 340 millionar på kart og geodata. Eller om utviklingshjelp, eller om rusomsorga, eller om idrett, eller om administrasjon av Svalbard. Eller noko anna. Kva som helst, eigentleg. Kva som helst.