LENA VERMEDAL

Det kom fram under sjøforklaringa som blei halde på Stord i førre veke. Skipet som var fullasta med frosen fisk gjekk på eit undervasskjer ved Færøysund klokka 03.25.

Styrmannen forklarte at båten låg i kurslinje i kartmaskinen. Dei nærma seg Bårsundet då han gjekk frå brua og inn i bestikken for å sjekka sjøkartet.

Etterpå gjekk han inn i datarommet for å henta eit dokument og blei der i kring fem minutt fordi han måtte leita gjennom to permar.

Svart skog i sikte

Plutseleg såg han svart skog som nærma seg på land og skjøna at noko var gale.

Matrosen som skulle halde utkikk stod og såg i radaren, då styrmannen forlét brua. Han var ikkje på plassen sin då styrmannen kom attende og såg at grunnstøyting ikkje var til å unngå. «Down only a few seconds» skal matrosen ha forklart.

Styrmannen meiner skipet må ha vore ute av kurs, men kan ikkje forklara kvifor. På spørsmål frå havarisjefen i Tromstrygd, sa han at han ikkje kunne sjå vekk frå at sterk straum kan ha virka inn på kursen.

Sovna ståande

Klokka 04.00 4. juli gjekk eit anna skip, lastebåten MS «Buavåg», på grunn ved Fossvik lenger nord i Langenuen. Under sjøforklaringa på Stord i førre veke kom det fram at styrmannen sovna.

Han var trøytt og hadde tenkt å purre kapteinen for avløysing, men kom aldri så langt.

Ståande med hovudet mot styrehusvindauget, sovna han og vakna ikkje før båten var 20-30 meter frå land. Båten fekk små skadar i samanstøyten med Fitjarlandet.

Det var ingen mistanke om promille ved dei to grunnstøytingane.