Mannen, som kjørte moped, vart stoppa i Lærdal i 21-tida tysdag.

— Han vart stoppa etter tips frå publikum, og det var heller ikkje tvil om at han var påverka då me stoppa han. Han lukta alkohol, fortel operasjonsleiar Odd Solvåg i Sogn og Fjordane politidistrikt til bt.no.

Mannen har ikkje førarkort verken for bil eller moped. Han vert no framstilt for lege slik at det kan verta teken blodprøve.

— Men førarkortet kan de altså ikkje ta frå han?

— Nei, det kan me ikkje, seier Solvåg.