Det blei ikkje mange timane bak rattet på den unge osingen. Kring 24 timar etter at han hadde jubla for å ha greidd oppkøyringa, var han tilbake som fotgjengar.

— Han tok til tårene, fortel politibetjent Gunnar Angeltveit. Han stoppa mannen, som er i underkant av 20-åra, i kontrollen i området ved Os kai onsdag.

— Reaksjonen hans var positiv, men den kom jo litt seint, påpeikar politibetjenten.

Tragisk

Ungdommen hadde ikkje ein gong fått det ordinære førarkortet då han blei tatt. Han hadde fått utskrive eit mellombels sertifikat.

— Kva sa han sjølv om køyringa?

— Han prøvde seg på ei forklaring. Men den var ikkje særleg god.

Ein av veteranane i UP-tenesta, politibetjent Jan Harald Revheim, var også med på kontrollen. Han opplever det som tragisk at ein ung mann går rett frå trafikkskulen, teoriprøve og oppkøyring hos vegvesenet, til å bli tatt i radarkontroll og fråteken førarkortet.

— Han kan ikkje ha fått med seg det mest elementære, understrekar Revheim overfor Bergens Tidende.

Full pakke på ny

Etter inndraginga onsdag vert ungdommen førarkortlaus i alle fall i eit halvt år. Og når halvåret har gått, må han gjennom ny teoriprøve og oppkøyring.

I tillegg må osingen også betale ei klekkeleg bot.

— Det blir jo opp til juristane våre å ta stilling til storleiken på bota. Men erfaringar tilseier ein stad mellom 6000 og 8000 kroner, seier UP-betjent Revheim.

I kontrollen onsdag blei ytterlegare eitt førarkort inndrege på staden. Også det tilhøyrde ein ungdom som blei målt til 78 km/t i området der høgaste lovlege fart er 50 km/t. I tillegg til dei to førarkortbeslaga blei det delt ut 20 forenkla førelegg.