JOHN LINDEBOTTENKnarvik, Lindås

Med den friske armen spikrar Gunn Kari (39) krabbeteiner på Knarvik Industrier. Ho har cerebral parese og er på full attføring. Men venstre armen og handa kan styra både syl og hammar, og spikaren treffer ho så det syng.For dette får ho seks kroner timen i såkalla oppmuntringspengar.Men no går det for seint. Og så vert ho trøytt. Dessutan arbeidar ho berre halv dag, fire dagar i veka.

— Men eg likar arbeidet mitt, seier Gunn Kari Konglevoll til Bergens Tidende.Utan arbeidet å gå til, har Gunn Kari truleg berre tomme dagen å sjå fram til i husværet sitt i Knarvik.

Fire andre skal inn For tre andre går det rg for seint på jobben. Gunn Kari og dei andre tre har difor fått varsel om oppseiing. Dei må vika plassen for fire andre som rg er på full attføring, men som visstnok skal vera i stand til å få ting fortare unna. I alt arbeider 17 utviklingshemma ved Knarvik Industrier. Åtte er tilsette på full tid. Produksjonen er m.a. blomekassar og krabbeteiner, som det er sesong for nett no. Ryer, strikkevarer og fajansefigurar høyrer rg til utvalget, og dette vert selt frå bedrifta sin eigen butikk.

Teknisk konkurs - Vi får selja heile produksjonen vår, men med større produktivitet kunne vi selt endå meir, og kanskje rg utvida tilbodet vårt, seier dagleg leiar, Bjørn Kvalø, til Bergens Tidende.

— Sanninga no er at Knarvik Industrier er teknisk konkurs. Aksjekapitalen er brukt opp. Den siste lønsauken til dei tilsette i full stilling var tung å bera. Så steig renta i Kommunalbanken frå 4,5 til 8 prosent. Det var beinhardt når vi eig produksjonslokala sjølve, seier Bjørn Kvalø.

Store underskot Då er det ikkje nok å skifta ut Gunn Kari og tre andre utviklingshemma arbeidarar med fire som kan vera litt meir effektive. Knarvik Industrier treng rg at den største eigaren, Lindås kommune, dekkjer underskotet for 2000 på 280.000 kroner.

— For 2001 kan underskotet koma heilt opp i 500.000-600.000 kroner, seier Bjørn Kvalø.Eit rådgjevande utval ved bedrifta, attføringsutvalet, har kome fram til at Gunn Kari og tre andre ikkje held mål lenger. Dagleg leiar, Bjørn Kvalø, er med i utvalet saman med ein frå Arbeidsmarknadsetaten, korta Aetat, og ein frå dei tilsette. Lindås kommune har ein observatør.

For dårlege - og for gode - Det er ikkje med glede vi gjer dette. Men vi er eit aksjeselskap, og er då forplikta til å driva forsvarleg. Samstundes skal dei som er på attføring hjå oss, oppfylla visse krav til støtte frå Aetat.

— Problemet for desse fire er, seier Bjørn Kvalø, at dei på den eine sida ikkje held det nivået som trengst for å oppfylla krava til støtte frå Aetat. På den andre sida er dei ikkje hjelpelause nok for dei tilboda Lindås kommune har. Dei fell på ein måte mellom to stolar. Og i Knarvik Industrier er det eigentleg fleire enn desse fire som høyrer til denne gruppa.

— Men om Lindås kommune var viljug til å betala litt for dei, så skulle vi alltid ha funne plass til desse fire framleis, sjølv med fire nye i arbeid, seier Bjørn Kvalø.