— Set dei inne, så blir dei jo galne, desse her. Så ut må vi.

Øystein Johannessen smilar, og snur seg mot dottera Malin (9) og trekkjer av henne slalomskoene.

Parkeringsplassen ved skitrekket i Furedalen er nesten tom for bilar, trass i at vi er midt i vinterferien. Årsaka ligg i lufta: Lett duskregn akkurat no. Tyngre dropar for nokre timar sidan.

— Eg ringde først, for å høyre om dei var ope. Elles måtte vi berre ha reist tilbake til Bergen og gått på badeland, flirer Johannessen, som ser noko bra med dritvêret:

— Du får jo skitrekket omtrent for deg sjølv.

- Ikkje god butikk

På kontoret sitt i kafebygget kan dagleg leiar i Furedalen Alpin, Brynjulf Bergesen, sjå ut på skitrekket.

Halvparten av krokane dinglar oppover bakkane tomme. Dei få skiløparane som kjem nedover kan suse rett inn på trekket igjen.

— Det er ikkje god butikk. Vinterferien har kome ei veke for tidleg, seier Bergesen og dreg fram ei fersk vêrmelding.

Der står det at det skal bli bra vêr neste veke, men då er bergensungane på skulen og foreldra deira på jobb.

Satsar på helga

Håpet for Bergesen er sol­symbolet som står under «fredag», og fråværet av regn under skyene resten av den komande helga. At meldinga ser slik ut òg for byen der dei fleste kundane bur, er berre ein fordel for å få dei opp hit.

— Bergensarane må vakne og sjå ut på sola, veit du. Men no har jo BT webkamera, som dei kan gå inn på, seier han.

Furedalens store parkeringsplass lenger nede ved hovudvegen står nesten tom. Berre på 10 av dei 33 reserverte hytteplassane står det ein bil.

— Det er mindre folk på hyttene, konstaterer Bergesen.

Reinskrapa campingvogn

Eit par kilometer lenger aust står Bjørn Holthe og skuffar snø framfor ei campingvogn. Plattingen utanfor vogna er skrapa rein for snø og is. Og det er ikkje ein gong hans vogn, det er sonen si. Holthes eiga vogn står like plettfri ved sidan av.

— Eg har ikkje anna å gjere. Må ha noko å ta meg til, seier pensjonisten.

— Hadde det vore fint vêr hadde eg vore i trekket, men...

Heller ikkje her, på Kverna­vollen Camping, er det særleg med folk. Dei fleste vognene står tomme.

På framsida av vognene renn Kverneelva stri og snørik. Men sjølv under det kraftige regnvêret natt til tysdag fløymde ho ikkje over, slik ho gjorde i fjor.

— Då stod vatnet heilt fram til klubbhuset vårt, seier Holthe og peikar mot ein raud bygning ovanfor.

Heim til konemor

Over 20 campingvogner fekk skader under flaumen i fjor, og Holthe fekk «spikerteltet» (ei hytte som står inntil campingvogna) fullt med vatn.

— Eg har stått her sidan 1975, og det har aldri vore så ille som i fjor, seier han.

I fjor var det ekstremt mykje snø, som saman med eit brått mildvêr fekk elva til å flyte over. No er det mindre snø, og campingvognfolket har ordna seg betre drenering.

På parkeringsplassen i Fure­dalen har Johannessen fått stappa ski og ungar inn i bilen. No er det tilbake til hyttevarmen og konemor, som av ein eller annan merkeleg grunn ikkje hadde lyst ut i dag.

— Vi håper at ho har laga nokke godt til vi kjem. Eg trur det, seier Johannessen.