— Vektspesifikasjonane på flydeler er hårfine, fortel Ole Arthur Vaage i Stord-firmaet IBOX, som har ansvaret for dekoren på flya.

Ifølgje NRK Fylkesnytt vil det vere liten grunn til å frykte flystyrt på grunn av vekta på logoen, men med plastfolie vart halerorert nokre få gram tyngre enn dei spesifiserte krava.

Dermed måtte dei berre fjerne logoen. Inntil vidare må Coast Air såleis nøye seg med å ha firmanamnet berre på sjølve flykroppen og motorane.