Tredje juledag er årets store byttedag, og mange velmeinte julegåver kom likevel i retur til butikkane i går. Fleire kjøpesentre i Bergen meldte om stor pågang frå bytte— og handlelystne. - Heilt fantastisk, sa Knut Eliassen, direktør for Lagunen storsenter, til BT i går ettermiddag. Utanfor kjøpesenteret hans hadde det nemleg vore rift om parkeringsplassane frå klokka ti om morgonen.

— Folk er rastlause, og vil ut av huset etter mange fridagar, fortalde Eliassen.

Sejerstad og Staalesen

På kjøpesenteret Galleriet i sentrum i går skulle ein tru at julehandelen enno ikkje var over.

— Det har vore kø og gått i eitt med bytting i heile dag, seier Elin Jakobsen hos Norli i Galleriet.

Både der og hos fleire andre bokhandlarar som BT har vore i kontakt med, toppar Åsne Sejerstads bok om Afghanistan byttestatikken så langt. På andreplass kjem Gunnar Staalesens Varg Veum-roman «Som i et speil».

På Åsane Senter er sambuarparet Kari Walle og Truls Birkeland på byttetokt. Første stopp er Boys of Europe, frakken fra henne til han var nemleg litt for liten.

— Etterpå skal vi på Bonus, og bytte ein mikrobølgeovn, seier Kari.

Menn kjøper for smått

På disken i undertøysavdelinga på Lindex ligg ei beige stringtruse. For stor, viste det seg. Det var også undertøysettet May-Iren Hansen fekk av foreldra.

— Supert å få undertøy til jul, det får ein alltid bruk for. Eg bytter berre til litt mindre, seier May-Iren blidt.

Mange kvinner kom tilbake med julepresangane sine til denne avdelinga i går. Sjølv om menn er glade i å gje damene noko lekkert innerst til jul, er dei dessverre mindre treffsikre når det gjeld storleiken.

— Mange kjøper for lite. Dei er nemleg redde for å kjøpe for stort, for då blir damene fornærma. Uansett blir det feil, ler Lindex-damene bak disken.

JAKKEBYTE: Magnhild Sætrang fekk strikkejakke til jul, men har meir bruk for gensar. Ho var ein av mange som byta julegåver i Bergen i går. Tredje juledag vart ein travel arbeidsdag for Lindex-ekspeditør Helen Ebbesvik.<p/>FOTO: KNUT STRAND