— Vi greier det ikkje før jul. Men vi tek sikte på så tidleg som råd i 2008, seier statssekretær Steinulf Tungesvik.

Kvalitetssikring av kostnadene har synt finansieringsplanen for Jondalstunnelen på 529 millionar 2005-kroner ikkje held.

– Dette skuldast tilhøva no innanfor entreprenørbransjen som vi kjenner til. Overskridingar på kostnadssida råkar generelt, og gjeld ikkje berre for Jondalstunnelen.

50 justerte millionar

– Men eg kan opplysa at dei 50 millionane som staten har løyvd til Jondalstunnelen skal prisjusterast. Det vil no hjelpa litt, seier Tungesvik.

Han ynskjer ikke å gå i detaljar om nye utrekningar. Men opplyser at Hordaland fylkeskommune skal orienterast om det som har kome fram. Jondalstunnelen er eit fylkesvegprosjekt, og dermed er det fylket som har ansvaret for finansieringa.

– Betyr dette at Jondalstunnelen må attende til ny handsaming i fylkestinget i Hordaland før han kan sendast til Stortinget?

– Vi må diskutera dette litt med fylket. Då fylkestinget vedtok finansieringsplanen 4. mai 2005, tok dei med i vedtaket ei formulering om at fylket ville ta på seg å dekka moglege overskridingar, seier Tungesvik.

Ventar på anboda

Han ser for seg at med denne formuleringa om ansvar for overskridingar, så kan Stortinget handsama og vedta proposisjonen om Jondalstunnelen.

Men fylkestinget sitt vedtak på dette punktet slær og fast at dersom det er overskridingar også etter at anboda er komne inn, så må prosjektet Jondalstunnelen attende til ny handsaming i fylkestinget.

FOTO: STATENS VEGVESEN/TOR SPONGA