For gode madrassar

Må fjerne madrass-gåve

Helse Førde ber Florø-ambulansane kvitte seg med madrassar som dei fekk i gåve. Årsak: dei er for gode.

Då Rolf Orheim vart gravlagd i 2005, bad dei etterlatne om gåve til ambulansestanden i Florø i staden for blomar. Bakgrunnen var at Orheim hadde hatt plagar med dei ordinære madrassane.

Dei 13.000 kronene som vart samla inn gjekk til innkjøp av to spesialsydde Tempur- madrassar, skriv Firdaposten.

Sidan innkjøpet i 2005, har ambulansane hatt madrassane i bilane til ei kvar tid. Men no krev Helse Førde at madrassane må vekk. Årsaka er at madrassene bryt med standarden.

– Det finst ingen fagleg grunn til at ambulansane i Florø skal ha utstyr ut over det normale, seier ambulansesjef i Helse Førde, Stian Sægrov, til lokalavisa.

- Urettferdig for resten av fylket
Han meiner det er urettferdig for resten av fylket at det er høgare komfort i sjukebilane i Florø.

– Standardmadrassene vi har i dag er definert som gode nok. Det skal ikkje vere slik at pasientar frå Årdal skal ha mindre komfortable madrassar enn dei i Flora.

Difor ønskjer han at Tempur-madrassane skal ut av sjukebilane i Florø, og frå no av berre nyttast i tilfelle der pasientane har særskilde behov. I praksis betyr dette at madrassane ikkje kan brukast, ifølgje ambulansetenesta i Florø.

– Vi kan ikkje køyre tilbake og hente madrassen når vi er fem mil unna. I vårt distrikt med store avstandar er dette praktisk umogleg, seier Eva E. Orheim, som arbeider ved ambulansetenesta i Florø, til bt.no.

Hennar erfaring er at nesten alle pasientane har behov for dei gode madrassane.

- Trasig
Ho seier pasientane vil tape på dette.

– Det er forferdeleg trasig både for pasientane sin del, og for alle dei som var med å samle inn pengar.

Orheim har eit spesielt nært forhold til madrassane, ettersom Rolf Orheim var hennar svigerfar.

– Han hadde veldig vondt av dei knallharde madrassane. Dette var eit siste ønskje frå ein brukar som verkeleg følte det på kroppen. Gåva var heilt i hans ånd, seier ho.

At Florø ikkje skal få glede av gåva fordi andre i fylket ikkje har det same, har ho inga forståing for.

– Det er eit forferdeleg dårleg argument. Sjukeheimar og sjukehus får ulike gåver heile tida, utan at nokon reagerer. Det må berre vere eit pluss at vi som arbeider her er opptekne av pasientane si helse, og at lokalsamfunnet gjekk saman om ei gåve, seier ho.

Les også

Siste fra Lokalt

Motorsykkelulykke på Tysnes

Bil og motorsykkel krasjet ved Uggdal.

- Advokater redde for
å klage på dommeren

- Jeg kjenner til flere advokater som er misfornøyde med dommernes opptreden i retten, men de kvier seg for å klage på dem.

Brannalarm i sentrum

Kraftig røykutvikling fra bakeri i Chrisitian Michelsens gate. - Det brant i en bakerovn, sier brannsjef.

Her kjører båten
folk med billetter

Noen gråt og andre bannet. - Dette spolerer ferien vår, sier trebarnsmor.

Streiken kan pumpe kloakk
rett ut ved badeplassene

- Økt fare for kloakk rett i sjøen, sier streikende driftsoperatører i Bergen Vann.

Relaterte bilder

FOTO: FIRDAPOSTEN

FOTO: HELSE FØRDE

Dette deler våre lesere på Facebook:

Mest lest

SØK I SKATTELISTENE (2009)

Siste saker

Lederstillinger

Stillinger