— Det er tydeleg at det skjer noko med politikarane frå Hordaland når dei reiser over fjellet, sa Hans Otto Robberstad, Ap, under debatten etter opningstalane. Han synte m.a. til det økonomiske oppgjeret mellom staten og fylka etter sjukehusreforma.

— I komiteen på Stortinget vert det presisert at ein særleg må sjå nærare på stoda til Østfold og Nord-Trøndelag. Men det er då Hordaland som kjem aller dårlegast ut av alle fylka, sa Robberstad, som såg same tendensen i samferdslepolitikken.

— Det er på tide å dra folka på Hordalands-benken til ansvar. Vi må stilla krav til dei, seier han. Fleire av talarane nytta samstundes høvet til å gje ros både til fylkesordførar og fylkesrådmann. Båe to har kjempa hardt for å betra dei økonomiske vilkåra for Hordaland i samband med den stor omlegginga fylkeskommunen er inne i.

Arne Jakobsen, Ap, summerte opp Stortingshausten for Hordaland slik:

— Aldri har vi sendt så mange til Stortinget. Og aldri har Hordaland hatt så mange i regjeringa. Og kva er det vi ser? Jau, at riksvegmidlar vert tekne frå Hordaland og gjevne til andre fylke. Og dei fagre lovnadene om meir pengar til kollektivtrafikken har vi ikkje sett noko til.

— Vi har sett dette før óg, minner Robberstad om. - Då arbeidsgjevaravgifta skulle justerast, vart ho sett opp for ein del kommunar i Hordaland med den grunngjevinga at dei hadde fått betre kommunikasjonar. Men samstundes fekk ein del kommunar nær Oslo nedsett arbeidsgjevaravgifta.

— Hadde desse kommunane fått dårlegare kommunikasjonar? undrast Hans Otto Robberstad.

Han meiner det er på tide at stortingsrepresentantane frå Hordaland i sitt daglege virke tenkjer over kvar dei kjem frå og kven som har sendt dei.