— Det var viktig å vera realistisk og finna ei vegløysing som fylket kunne stå samla om, seier vegsjef Ole Chr. Torpp til Bergens Tidende.

Fylkestinget valde løysinga med hengebru mellom Stord og Tysnes, veg fram til Våge/Teigland, og ferje frå Teigland over Bjørnefjorden til Halhjem i Os.

Alternativet med tunnel under Bjørnefjorden var då for lengst lagt til side. Ein to mil lang tunnel heilt ned til 750 meter under overflata hadde kanskje ikkje dristige rogalendingar våga seg på ein gong.

Dyrt og konfliktfylt

Det meir realistiske alternativet var ny veg langs austsida av Tysnes, over Lukksund, gjennom Fusa, bruer eller tunnel over/under Samnangerfjorden og fram til møte med den nye Osvegen ved Søfteland i Os kommune.

Denne løysinga hadde medvind lenge, men fylkestingsvalet hausten 1999 skapte fleirtal mot. Ole Chr. Torpp, som vart vegsjef frå 1. januar 2000, er glad for at det gjekk som det gjekk.

— Ein ferjefri stamveg over Fusa og med kryssing av Samnangerfjorden vil kosta mellom 5 og 7 milliardar kroner. Den ber dessutan med seg store konfliktar med omsyn til miljø og landskap. I tillegg vil vedtaket om lang tunnel mellom Bergen og Os blokkera for påkobling ved Søfteland. Alt dette gjer at det no var rettast no å samla seg om ei billegare løysing med ferje, som óg vil vera ei god løysing, seier Torpp.

Ferjefritt om Tysse

Prisen for Tysnesbrua og den nye vegen fram til Våge/Teigland er rekna til 2-2,5 milliardar kroner.

For 1,5 milliardar kroner til vil vegsjefen rusta opp vegen frå Våge mot Lukksund, slå ein lang tunnel over mot Gjermundshamn, og utbetra til tofelts riksveg strekninga vidare over Mundheim og Eikelandsosen til Tysse. Med påkobling til Rv. 7 ved Hagafosstunnelen vert det då den kortaste og beste ferjefrie vegen mellom Sunnhordland og Bergen når Tysnesbrua er bygt.

— Dette ferjefrie sambandet bør vera ferdig i 2015, men delstrekningar kan takast i bruk etter kvart som dei er ferdige, seier vegsjefen.

Ny Osveg innan 2011

Siste etappe av Kyststamvegen nordover mot Bergen kan koma i arbeid alt neste år, eller i alle fall i 2004. Det gjeld Moberg-Svegatjørn, som har vore ferdig planlagt lenge. Dei siste 12 kilometrane inn mot Rådalen i Bergen er nesten berre tunnel, og truleg må dei byggjast med fire felt. Vegsjefen meiner dette anlegget bør koma med i rulleringa av Nasjonal Transportplan, slik at det kan byggjast i tidsrommet 2006-2011.