Difor kan davikingane alt no bu seg til stor opningsfest 6. september, då vert den vakre, hundre år gamle Borgstova innvigd som heimstad for den lokale ungdomsklubben. Eit par steinkast unna kan både barn og unge boltra seg i eit makelaust flott nærmiljøanlegg.

Borgstova vert ikkje stor nok når Karoline Krüger kjem til opninga, så ho lyt syngja i kyrkja. Der er det plass til 400, og med fullt hus blir det eit solid overskot å dela mellom bygdeutviklingslaget og ungdomsklubben.

Frimanns brennevinsgryte

Han er ikkje lite stolt, 15 år gamle Erlend Birkeland, der han tek oss med gjennom bygget som i eldre tid gav husly for tenestefolka ved prestegarden. No er vi i diktarpresten Claus Frimanns rike. Her var forfattaren av «Almuens Sanger» (1790) og «Den syngende Søemand» (1793) i mange år sokneprest.

Det første som møter oss idet vi stig inn i det nyrestaurerte bygget, er Frimanns svære, svarte brennevinsgryte, eit av dei få minna etter han. I mange år stod huset til nedfalls, mange ville riva det. Men det lokale husflidlaget heldt det ved like til kommunen såg at her kunne det bli eit fleirkulturelt allaktivitetshus.

Erlend er med i husstyret som representant for Davik ungdomsklubb, og han ser spennande mogeleigheiter. Det er helst i helgene det vil bli nytta, for mange av dei om lag 40 medlemene mellom 13 og 18/19 år bur utanbygds på grunn av vidaregåande skulegang.

Finsalen med hellegolv og mest metertjukke murveggar skal tena som kino— og dansesal, men òg til møte av ulike slag. Ikkje berre for ungdomslaget, men for alle organisasjonane i bygda.

— Her skal vi også syna Champions League-kampar på storskjerm, fortel Erlend.

- Vil få mykje å seia

Kulturverkstad og øvingsrom for lokale musikarar og band, teikneseriebibliotek og eit lite datarom blir det plass til. Eige kontor for bygdas lag og organisasjonar likeins. Så vil der finnast ein del musikkinstrument som tilhører Kulturskulen, men som ungdommane kan nytta.

— Eg trur dette huset får veldig mykje å seia for oss unge i Davik. Dei fleste vil nok ta vare på huset og ikkje øydeleggja den sjansen vi har fått, seier Erlend. Sjølv kan han knapt venta med å komma i gang - endå om han er meir oppteken av jakt og friluftsliv enn av musikken dei fleste ungdommane hører på.

På andre sida av tunet ligg ei stor løe, som med tida kan gje atelierplass eller bli nytta til anna kulturverksemd.

Når ungdommen tek over Borgstova, misser kunsthandverkar og lærar Synøve Eriksen Vadøy atelieret sitt i andre høgda. Men den bærumsfødde leiaren for Sogn og Fjordane Husflidlag, tek ikkje det så tungt.

Ho syner oss den andre arbeidsstaden sin, plassen utanfor Davik skule. Der har dei bygd opp eit imponerande nærmiljøanlegg som kan freista langt fleire enn dei 56 elevane.

Mot mobbing

— Dette er et forebyggende arbeid mot mobbing, forklarar ho.

— Vi så at elevene ble passiviserte om de ikke var med å spille ball. Det kunne føre til at noen tok ut energien sin på litt aggressive måter. Nå har de fått noe å bruke overskuddet på, og vi ser hvor godt ungene fungerer sammen. Selv stakene i 10. klasse leker med de yngste.

Skuleplassen går i eitt med ei innbydande grasbane. Men no er det òg kome opp ballbinge, dei klassiske leikeapparata er sjølvsagt på plass, ei lita scene til konsertar og uteundervising med benkeplass for tilhøyrarar er vakkert plassert på plassen, syklistane har fått si løype og for dei yngste finst det to kjempespennande hytter inne i skogen.

— Og til skolestart skal det kombinerte skateboard- og sykkelanlegget stå klart. Noen har alt kjøpt utstyr, fortel Vadøy.

«Storjungelen», teikna av Asbjørn Flemmen, er likevel det som straks slår imot deg. Med god hjelp frå Førde Vulk har Vadøy og kollegaene hennar fått om lag 600 dekk i alle storleikar, frå vanlege bildekk til svære dumperdekk. Det tyngste veg tre tonn. Desse er sette opp saman med stolpar, «lianer» og sand til ein jungel for både små og store «apar».

Betre motorikk og balanse

Her kan alle utfalda seg fritt. Og det gjer dei.

— Det er full aktivitet i skoletid og fritid. Bare i løpet av det første året har vi sett hvor mye bedre motorikk, bevegelse og balanse er blitt hos mange elever.

Hærverk på anlegget kjem ikkje føre. Nokre av elevane har sjølve vore med å byggja opp deler av det i tilvalsfaget, difor passar dei òg godt på det.

— Dette anlegget til 1,2 millioner kroner har vi fått til i løpet av to år. Kommune, fylke og stat har ytt pengestøtte, men det ligger også et par tusen dugnadstimer bak. I planleggingen hadde vi proffe folk med, for å få et både praktisk og estetisk mest mulig vellykket resultat. Og så har hele bygden sluttet opp om dugnadene.

Anlegget krever mykje vedlikehald, men kvaar klasse har ansvar for sitt område, der dei rydder og ordnar. Kristin Clemets obligatoriske trimtimer midt på dagen er heilt overflødige i det nokon kallar det beste nærmiljøanlegget i Sogn og Fjordane!

«JUNGELEN»: Her er det berre å sleppa seg laus. Lærar/kunsthandSynøve Eriksen Vadøy og kultursjef Claus Røynesdal verkar meir enn nøgde med nærmiljøanlegget.<p/>HELGE SUNDE (foto)