”Eg tykkjer det er rart av deg, Guttorm, du som er så god til å tala for deg, at du snakka for andre og ikkje heller snakka for deg sjølv!” Guttorm skjøna kva ho meinte med det, ”eg kjem kanskje att om ikkje så lenge”, sa han.

Det var omkring 1750 at hallingen Guttorm tok over fjellet for å bera fram frieri til Guri på Fretheim i Flåm, ikkje for seg sjølv, men for lensmann Torkjell Villand. Det var skikken den gongen, at ein skulle hyra mellommann når ein skulle fria. Guttorm drog ein gong og fekk nei til svar, drog ein gong til, svaret var det same. Det var tredje gongen Guri let han få eit nyttig vink, ho kunne gjerne tenkja seg ein halling til mann, men då skulle det vera rette hallingen. Ho fridde sjølv til Guttorm, så direkte som ei stormannsdotter kunne våga seg til. Guttorm drog heim att, men neste gongen han kom til Fretheim, var det for eiga rekning, og svaret var ikkje til å ta feil av. Guttorm fekk ikkje berre jenta, han fekk garden på kjøpet, for Guri var einaste dottera.

Det er Svein Indrelid som fortel historia, og det gjer han i andre bandet av soga om bygda Flåm, ei sognebygd så nær knytt til Voss at Per Sivle hadde sine første barneår der. Indrelid er mellom dei som aldri gjev seg når han støyter på eit mysterium – i første bandet kunne han fortelja om korleis det hadde seg at det krydde av italienarar på Myrdal under folketeljinga i år 1900, fleire år etter at alle andre soger fortalde om at italienske tunnelbyggjarar vart sende heim att fordi dei ikkje greidde å sprengja tunnel i det harde berget i Gravhalstunnelen . Forklaringa var enkel: Dei vart henta inn att som billeg arbeidskraft då dei norske vart for dyre!

Knapt nokon del av norsk historieskriving har vore gjennom ei så rivande utvikling som bygdebøkene dei siste åra. Men Svein Indrelid ligg nok eit fjordahest-hovud framfor alle dei andre. Anten ordet ”kvantesprang” tyder det eine eller det andre, så har Indrelid teke eit stort steg framover med Flåmbøkene. Og denne gongen er det ”menneskesoga” som er det nye og store, og det er her soga om Guri Fretheim som sjølv fridde til hallingdølen som er typisk.

Svein Indrelid er som Pippi Langstrømpe, han er ”sakleitar”, og han finn kjeldene der få har funne og brukt dei før. Måten han brukar rettsbøker på, er makelaus. Men så er han på heimebane også, for indresogningane gjev seg ikkje lett når dei først er hamna i krangel. Dessutan har han den føremonen at den trange Flåmsdalen har store og gamle ættegardar, der dei visste å halda på sitt – dei gjekk rettssvesenet på kryss og tvers gjennom mange år berre for å hindra andre i å bruka gardsnamnet som familienamn!

Han kan boltra seg i alt det flåmmare fann på for å gjera levemåten betre, dei fiska i fjorden, dei tente på elvefisket, dei fekk lurt politikarane til å tru at folk ville dra med båt inn til Flåm berre for å reisa med bana opp til Bergensbana på Myrdal, dei visste at turistar var noko dei kunne tena pengar på – i dag har dei til og med greidd å tena turistpengar på ein 25 kilometer over til Lærdal!

Før Indrelid er ferdig med sitt, kan kvar einaste levande flåmming lesa slektssoga si hundrevis av år tilbake, dei har fått bileta av forfedrane med – og dei får vita kvad ei sa og gjorde, anten det er trygt dokumentert i protokollane, eller det er rykte som har vandra frå generasjon til generasjon, gjerne på fleire måtar: Frieriet hennar Guri finst i minst fire forskjellige variasjonar!

Men du treng ikkje vera flåmming, ikkje aurlending, knapt nok indresogning i det heile, du kan gleda deg over soga likevel. For som den gamle profeten ein gong sa: For Vårherre er vi alle flåmmingar!

Tog på Flåmsbana ved Blomheller. Flåmsdalen.Foto: Helge Sunde