– Ingen smerter. Ikkje i det heile tatt. Det er heilt utruleg!

55-åringen frå Bergen står i korridoren på Førde sentralsjukehus og ser nedover magen sin, der kirurgane for to dagar sidan fjerna ca 80 prosent av magesekken. Seks små, bandasjerte hol og eit dren er dei synlege resultata av inngrepet.

Størst risiko for menn

Fredag fortalde Bergens Tidende historia om familiefaren Ivar Isdal Haga, som svevar mellom liv og død etter ein slankeoperasjon ved Haugesund sjukehus. Hjartestans, nyresvikt og blodforgifting er den baksida av medaljen som Haga har fått oppleve.

– Når det oppstår komplikasjonar etter operasjonen, kan det bli svært alvorleg, seier Villy Våge, som med sine over 260 operasjonar er blant landets mest erfarne fedmekirurgar.

– Vi kjenner godt til risikofaktorane, og veit at menn er mest utsette. Ut over kjønn spelar alder, kroppsmasseindeks og eventuelle tilleggssjukdomar ei rolle, seier Våge.

– Når pasientane er klarerte for operasjon frå vår side, blir det ei felles forståing mellom lege og pasient om det er risikoen verdt.

Våge er overlege ved Førde sentralsjukehus, Helse Vests regionale kompetansesenter på sjukleg overvekt. 77 personar vart fedmeopererte her i 2007, men ifølgje Våge er underkapasiteten stor i vestlandsregionen.

– Det ville vore naturleg at desse inngrepa også kunne utførast i Bergens-området, seier han.

Lang prosess

Pasientane må gjennom ein lang prosess før kirurgisk behandling av overvekta er aktuelt. Både kosthald, mosjon og medisinering skal vere prøvd som verkemiddel. Søknad om behandlinga skjer via primærlege og på eit standardisert skjema.

– Allmennlegane leverer no veldig gode søknader på vegner av desse pasientane. Dei skal stette internasjonale kriterium for operasjon, og vi avviser mindre enn ti prosent av søknadene, seier Våge.

– Deretter er det individuell vurdering av pasienten. Her får mindre enn fem prosent avslag på operasjon.

– Kunne det vore mogeleg å oppdage risikoen for ein pasient som Ivar Isdal Haga på førehand?

– Eg kjenner saka berre gjennom media, men nei, eg trur det ville vore komplett uråd å oppdage noko slikt, seier Våge.

– Hugs på at all kirurgi inneber ein risiko. Ved fedmeoperasjonar er risikoen for død svært låg, omtrent som ved ein hofteoperasjon.

Eit lett val

Tilbake i sjette etasje på Førde sentralsjukehus førebur Helge Ove Irgens seg på utskriving og heimreise til Bergen. Heile sitt vaksne liv har 55-åringen kjempa mot overvekta.

– Det har vore ein lang veg, med slankekurar, Grete Roede-kurs, treningssenter og medikament i årevis. Men eg klarte aldri å halde vekta nede over tid, fortel han.

Over to år er gått sidan han første gong lanserte tanken om ein fedmeoperasjon for fastlegen sin.

– Eg har fått grundig orientering om risikoen rundt dette. Men eg var så lei av å vere overvektig, at for meg var valet lett, seier kjørelæraren.

– Opplegget rundt operasjonen har vore veldig bra. I dag åt eg litt suppe, og kjende meg god og mett. Eg har vore så fantastisk heldig. Bortsett frå to born er dette den største gåva eg har fått i heile mitt liv, seier Helge Ove Irgens, som no ser fram til eit lettare liv som kjørelærar og familiefar i framtida.

AKSEPTERTE RISIKOEN: Kjørelærar Helge Ove Irgens vart fedmeoperert onsdag denne veka, og angrar ingenting. Han visste at inngrepet kunne vere risikabelt, men er sjeleglad for å ha gjennomført det. Kona, Rubyrosa Irgens, til venstre.
Jan M. Lillebø