Morgonen var grå og hustrig. Likevel hadde eit par hundre menneske umaka seg i bil heile vegen til Stølsdammen og derifrå dei to-tre timane fram til den nye turlagshytta i Solrenningen. På tidleg ettermiddag sundag vart hytta offisielt opna, endå om ho alt har vore i bruk sidan midten av juli.

No håpar leiaren i Bergen Turlag, Børge Brundtland, på det han kallar «Vending-effekten».

Ingen mørke krokar

— Vending i Bergsdalsfjella vart over natta ei av våre mest populære hytter, med rundt 1700 overnattingar i året. Den nye hytta her i Solrenningen er bygd over same lest, og avstanden til køyreveg er mykje den same. Vi har tru på auka tilstrøyming, seier Brundtland.

Ved første augekast er det ikkje mykje som skil den nye hytta frå den gamle. Fargen er den same, grøne, med raude vinduspostar til, og hytta ligg nett der ho låg, attmed elva i skogbrynet sør for sjølve stølsområdet. Inngangen er flytta frå sør til nordaust, men det er når du kjem inn, dei store endringane kjem til syne.

No er det lyst og ope der det før var mørke krokar. No knirkar det ikkje lenger i dør og vindaugo, golva er beine, og sengene er vide. Endåtil dobbeltseng er det blitt plass til på eit par av romma. Så står det att å sjå om den nye Solrenningshytta over tid oppnår den same sjarmfaktoren som den gamle frå 1965 hadde.

Vemod og forventning

Det var furer i mange av fjesa i Solrenningen i går. Ein indikasjon på eit langt og inderleg kjærleiksforhold til plassen. Og kanskje litt vemod over det som er borte, blanda med forventning til det nye.

Men det var mange glatte fjes òg. Eit løfte om ein ny generasjon som fordomsfritt kan byggja ein heilt ny relasjon, til ei heilt ny hytte i noko av det vakraste og frodigaste som finst av vestlandsk landskap.

For det er ingen tvil om at Solrenningen fortener at den merksemda som vart hytta til del i går, viser att i gjestebøkene i åra som kjem. Ikkje berre fordi hytta er ny og plassen er til å mista pusten av, men også fordi opplevinga av fjellet i seg sjølv gjer noko med oss. Det vart peikt på av Øystein Dahle, tidlegare leiar i Den Norske Turistforening. Han var ein av dei inviterte gjestene til opninga.

— I fjellet blir vi alle små, og det kan vera godt å bli minna på i ei tid då vi gjerne vil vera større enn vi eigentleg er, sa Dahle i si helsing i høve opninga.

LANG REKKJE: Busslaster med folk tok turen over fjellet og fram til Solrenningen for å ta den nye hytta i augesyn. Dagen, som hadde byrja grå, vart etter kvart ein riktig fin fjelldag. FOTO: Helge Sunde
HYTTA: Slik ser den ut. FOTO: Helge Sunde
FOTO: Mingma Tshbring Sherpa fra Nepal sang under åpning av Solrenningen turisthytte.
Helge Sunde