— Namnet Fylkesbaatane er ein del av folkesjela vår. At det blir overlate til reklamefolk å fikse det, er forferdeleg dumt. Eg reknar med at folk i styret har vit til å stoppe dette, seier historikaren Johs B. Thue frå Balestrand.

— Det nye namnet er godkjent av fylkesordførarane som er generalforsamling i selskapet?

— Dette er det verste eg har høyrt! Nei, no er eg mållaus! Det er rett og slett pinleg for oss som bur i Sogn og Fjordane at vi har folk i styre og råd som kan gjere slikt. Det kan du sitere meg på.

Meir moderne

Våren 2001 slo Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal Fylkesbåtar seg saman. Konsernet Nordvestlandske, eigd av dei to fylka, vil no skifte namn på selskapa. Dei gamle namna er ikkje moderne nok lenger.

Namneendringa til Fjord 1 er godkjent heilt til topps i selskapa, og skal etter planen lanserast tidleg i desember. Etter det Bergens Tidende kjenner til, skal dei gamle namna vere med vidare, som ein undertekst med lita skrift på den nye Fjord1-logoen.

I gårsdagens utgåve av Bergens Tidende, forklarte styreleiar Jarle Skartun at båtselskapet treng ein ny profil med nye grafiske uttrykk.

— Det er snakk om merkevarebygging. For oss er det eit poeng å ha eit felles namn og ein felles logo, sa Skartun.

- Merkeleg påfunn

Men det synet møter lita forståing. Berre i løpet av føremiddagen i går skreiv eit dusin lesarar innlegg på BTs nettavis. Alle var sterkt kritiske til det nye namnet.

Forfattaren Gunnar Staalesen, med feriehus i Dale i Sunnfjord, støttar fullt ut reaksjonen til NRK-veteran Herbjørn Sørebø i gårsdagens utgåve av Bergens Tidende:

— Eg syns rett og slett Fjord 1 er eit latterleg og merkeleg påfunn. Dei må ha hatt dårlege konsulentar, seier Staalesen som lurer på kvifor det er nødvendig å endre eit velklingande og tradisjonsrikt namn som Fylkesbaatane:

— Og skal dei no først gjere det, må det kunne gå an å finne noko meir kreativt enn dette eitt-talet. Skal det forresten seiast «ein» eller «en»?, lurer Staalesen på.

Valfri uttale

Det same gjer lærdølen Jan Olav Fretland, leiar i Norsk Språkråd og eksleiar i Noregs Mållag.

— Skal uttalen vere «en» på dette eitt-talet, er dette ei stygg sak. I så fall vil det bli oppfatta som eit knefall for bokmål. Eit fylkesreiarlag for to så sterke nynorskfylke som Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal må ha uttalen «Fjord ein», meiner Fretland.

Konserndirektør Olav Smørdal i Nordvestlandske vil helst ikkje uttale seg om saka. Men seier til Bergens Tidende at uttalen skal vere valfri:

— Ein sogning vil seie «Fjord ein». Men for meg, som kjem frå Nordfjord, vil det vere naturleg å seie «Fjord en».

FYLKESBAAT: Hurtigbåten M/S "Sognekongen" er eit av fartya til selskapet som no skiftar namn.
Arkivfoto: Helge Sunde