— Honkerten!

— Svarte hatt!

Kraftuttrykka er ikkje det dei ein gong var ved Tysnes skule. Banning er ut og sosial kompetanse inn.

Svara er mange når BT spør elevar på 9. trinn kva sosial kompetanse eigentleg er?

— Me snakkar om korleis me skal vera mot kvarandre, forklarer Marie Nikolaisen.

Mobbeundersøking

Sidan 2005 har den kombinerte barne- og ungdomsskulen på Tysnes sett læringsmiljøet på dagsordenen. I går blei resultata lagt fram på ein pressekonferanse på skulen.

— Me ser ei tydeleg markant forbetring i åtferd og språkbruk, seier rektor Bente Eide.

Før prosjektet tok til viste ein analyse mange utfordringar i skulemiljøet. Lærarane opplevde mykje uro, åtferdsvanskar, skulking og manglande opplæring i sosiale ferdigheiter.

Fleire politi- og barnevernssaker var også del av dette biletet. Ei mobbeundersøking viste óg at trivselen kunne bli betre. Noko måtte gjerast.

Ei plangruppe blei nedsett, og det blei oppretta kontakt med Erling Grov frå Høgskolen Stord/Haugesund (HSH). Han blei skulen sin nye mentor.

- Attitude is everything

— Samfunnet er midt i eit vegskilje i høve til læring. Bedrifter spør oftare kven du er enn kva du kan. Sosial kompetanse er blitt enormt viktig, seier prosjektrettleiaren frå HSH.

Han peikar på at barn er meir i barnehagar og skular og mindre med foreldra no enn før.

— Me som jobbar der får ein stadig viktigare rolle.

— Barna treng dette for å overleva i dagens samfunn. Attitude is everything, som Aker seier, legg rektor Eide til.

I jungelen av kommersielle og offentlege program som lovar betring av læringsmiljø, fann skulen sin eigen strategi. Det innebar klipp og lim frå program som Olweus, Steg for Steg, Kreps og undervisning i sosiale ferdigheiter.

- Alternativ banning

Planverk blei utvikla både mot mobbing og uønska åtferd. Lærarane fekk kurs og kompetanseheving. Dei utvikla også ein eigen yrkesetisk plattform for best mogleg klasseleiing.

— Det spesielle var nok at me bestemte at elevane skulle ha ein time per veke knytt til sosial kompetanse, seier rektor Eide.

— Me trudde me dreiv med dette dagleg. Ikkje alle skjønte vitsen. Eg var gjerne ein av dei, vedgår lærar Arvid Økland.

Fleire klassemøte, rollespel og refleksjonsøkter seinare ser han derimot gode resultat blant elevane.

— Barna er snillare med kvarandre. Dei følgjer reglar og er klar over kor viktig dette er. Dersom dei er urolege, øydelegg dei både for seg sjølv og andre.

— Eg trudde me oppførte oss bra, men no ser eg at det går endå betre. I staden for å banna har me for eksempel begynt med alternativ banning. No er det populært å sei honkerten, seier elevrådsleiar Håvard Drange.

Hva synes du om at elevene lærer seg folkeskikk? Kommentér her!

Strand, Knut