TERJE ULVEDAL (tekst og foto)

Florø

Det er torsdag kveld og folkemøte i Florø. Langt unna fjernsynskamera. Eit femtitals tilhøyrarar, under ein prosent av dei røysteføre, har droppa Dagsrevyen og godstolen og i staden sessa seg i salen.

For politikarane i Sogn og Fjordane er dette ein av valkampens viktigaste arenaer. Flora har ein tradisjon for å mobilisere, helst rundt eigne kandidatar. To bysbarn står på førsteplass. Reidar Sandal (Ap) er garantert sikker. Heidi Grande Røys (SV) kjempar om eitt av dei siste mandata. Slike konstellasjonar i folkerikaste kommunen i fylket, har avgjort valkampar før. Så godt som samtlege førstekandidatar har prioritert denne paneldebatten.

I panelet er dei raudgrøne representantane for regjeringspartiet plasserte til venstre. Ytterst til høgre sit Frps Åge Starheim, mellom dei regjeringskameratane.

Kvar kandidat har fått fem minutt til innleiing, men det er først når ordskiftet tek til at det livnar til mellom debattane. Per Steinar Osmundnes (KrF) lurer på om Åge Starheim (Frp) veit kva parti han står på val for. SVs Grande Røys meiner det er grunn til å stille Osmundnes same spørsmålet. Mathias Råheim (H) lurer på om Ap vil støtte Sp og SV i å seie opp EØS-avtalen, og får eit kontant «nei» frå Reidar Sandal.

Så får salen sleppe til. Det går frå arbeidslause nyutdanna lærarar til EU-debatt, frå kven som hadde ansvaret for den høge lånerenta i 2002 til nasjonale prøver i skulen, om kommuneøkonomi og vegbygging, om skattelette til rike og breiband til alle. Dette er kvelden for allroundpolitikarane. Dei som må ut og møte folket, og må kunne litt av alt.

Klokka bikkar 21. Spørsmåla frå salen tek til å stilne, dei første går. Det har vore valkampens kvardag. Grått? Sikkert. Men i alle fall meir ekte enn debattane Knut Olsen og Oddvar Stenstrøm inviterer seg til i di stove. Der dei billegaste politiske poenga har ein ufråvikeleg tendens til å hauste største applausen. Der demokratiet er nær ved å drukne i glitter og stas. Der valkampen blir avgrensa til å omfatte et dusin personar.

SIKRE: Liv Signe Navarsete (Sp) og Reidar Sandal (Ap), dei to einaste som kan vere trygge på at dei hamnar på Stortinget frå Sogn og Fjordane
TERJE ULVEDAL