Førdehuset, ein kveld i valkampen. Informasjons— og debattmøte om samanslåing av Førde, Jølster, Gaular og Naustdal. På valdagen skal folket i dei fire kommunane gje politikarane sitt råd. Ja eller nei.

Eit par hundre stolar er sett ut i Festsalen. Men det er glissent mellom benkeradene. Kanskje er kvar fjerde stol i bruk?

Mange av dei frammøtte er alt aktive i lokalpolitikken. Andre har ein plass på lista som gjer at dei vil bli det. Men fotfolket, den jamne veljar, brukaren av kommunale tenester, manglar.

Regionalt tyngdepunkt

Konsulentfirmaet med vanskelegaste namnet i nynorskland, PricewaterhouseCoopers DA, har utarbeidd ein rapport om samanslåinga.

Konklusjonane er eintydige. Nær 20.000 innbyggjarar, eit regionalt tyngdepunkt, attraktiv for å trekkje til seg ny aktivitet, stordriftsfordelar, meir profesjonelt fagmiljø, betre tenester. Ja til samanslåing, er omkvedet.

Eit anna konsulentfirma har vurdert breibandutbygging i dei fire kommunane. For kommunalminister Erna Solberg har komme med eit åte: Slår dei fire seg saman, skal dei få 18 millionar til storstila utbygging.

Men, som vanleg, får ikkje breibandkonsulenten dataen til å virke. Det blir omrokkeringar i programmet. Avtroppande Førde-rådmann Asbjørn Schei skal gjere ein av sine siste offisielle plikter. Komme med Ja-råd til veljarane.

— Eg hadde håpa det var fleire her, startar Schei.

Så blir det pause, for breibandkaren treng meir tid for å få det avanserte utstyret til å virke. Etterpå er det endå meir glissent mellom benkeradene.

- Fleire må teikne seg

Ordførar Wilhelm Sandal er ordstyrar. Dagen før har han fått over 5800 underskrifter mot Elvegata, ein ny bilveg langs Jølstra i Førde sentrum. Rett nok har Pol Pot, Osama bin Laden, Nissemor og andre kjendisar skrive seg på. Men trass tullenamna er inntrykket overveldande.

Kring halvparten av innbyggjarane i Førde har skrive under. Debatten har versert på lesarbrevplass i lokalavisa i månadsvis.

Her må han be om at folk tek ordet. For berre sju har meldt seg på talarlista. - Det er vel kanskje fleire som vil seie noko?, nærast ber Sandal. Ei hand kjem i vêret. Norvall Nøringset, ordførarkandidat frå SV, går på talarstolen: – Rapporten vi har fått seier ingen ting om det som betyr noko for folk. Kva vil skje med skulen vår, sjukeheimen, gamleheimen? Dette er årsaka til det svake engasjementet, seier han. Og følgjer opp med at han vil stemme nei til samanslåing. Før han hastar frå møtet.

RV tordnar

Same må BTs utsende gjere. På veg heim tenkjer eg: Når entusiasmen er så liten, kva fundament er då lagt for ei samanslåing? Kva er framtida for storkommunen, når folk, i alle fall tilsynelatande, ikkje bryr seg?

Dagen etter får eg høyre engasjement. På lokalradioen tordnar RVs Hans Jakob Reite: – Sentrumsarrongansen i Førde er til hinder for samanslåing.

RV-aren er, overraskande nok, ja-mann. Men fryktar at Førde skal leike storebror. Eg kjem på at eg spurde han i den ufrivillige pausen, korleis han trur det vil gå?

— Ikkje ein sjanse, i denne omgang, var svaret.