Byggestad er Sandane som alt har ein næringshage med 20 bedrifter. Sju prosjektgrupper har siste året jobba med trivselsplanen, etter at statsminister Kjell Magne Bondevik var med då forstudien vart lagt fram i juni 2002.

— Finansieringsplan vil styret for Trivselshagen offentleggjere når Gloppen kommunestyre og fylkestinget får dokumenta i mai/juni, seier prosjektleiar Torun Skarstad til Bergens Tidende etter møtet med statsråden i Oslo i går.

Byggestart blir avgjort gjennom politiske vedtak både sentralt og lokalt i fylket. Også statlege pengeaktørar som SIVA og SND kan kome til å gå inn med midlar, fordi den forretningsmessige delen av Trivselshagen har klare føringar til næringslivet i regionen.

I forstudien var prislappen sett til 150 millionar, for ein Trivselshage på 10.000 kvadratmeter. Men den kommersielle biten er komen i tillegg, og prosjektet blir no på heile 14.000 kvadratmeter.