PER MARIFJÆREN

Det stormar rundt styret i Helse Førde, og i sentrum står nestleiar Kjell Opseth.

Dei mest kritiske viser til Opseths lobbyverksemd for Førde, og hevdar han som styremedlem i helseføretaket har ein skjult agenda.

Til ministeren

Kritikarane meiner at styret skamfer lokalsjukehusa i Lærdal og på Eid med sine kutt-forslag, samtidig som Førde sentralsjukehus overtek vktige oppgåver.

Aldri før har det skjedd at alle fem stortingspolitikarar frå Sogn og Fjordane troppar opp på kontoret til ein helseminister med si uro over eit lokalt helseregime som agerer slik at det svekkjer tilliten ute blant folk. Men sist veke skjedde det.

Helseminister Ansgar Gabrielsen har svara med å krevje ein skriftleg rapport om forholda i helseføretaket.

På leiarplass i går tok så Bergens Tidende til orde for at Kjell Opseth bør trekkje seg frå styret i Helse Førde, noko avisa meiner er naudsynt for at styret skal ha tillit og legitimitet blant folk i heile fylket.

Sjølv er Opseth heilt framand for tanken om å tre tilbake.

Førde-lobbyist

— Eg ser ingen grunn til å vurdere min plass i styret. At eg driv ei privat verksemd kan ikkje vere til hinder for å sitje i styret, seier den tidlegare rikspolitikaren Opseth, som driv konsulent- og rådgivingsfirmaet Kjell Opseth Rådgiving AS frå heimekontoret i Førde.

Gjennom firmaet har Opseth tatt oppdrag for ein stor, privat utbyggingsaktør i Førde sentrum. I tillegg har han hatt oppdrag for Førde kommune som lobbyist i flyplassaka.

Slike roller har kritikarar brukt som argument for at Opseth har ein skjult agenda som sentral aktør i helsestyret.

— Det er ein mistanke som er framand for meg, og heile mi politiske historie burde tilseie at folk trekk ein annan konklusjon. Eg har tatt omsyn til heile fylket, og har heile fylket i tankane i mitt arbeid.

Ifølgje Opseth har konsulentselskapet hans ikkje lenger nokon oppdrag for Førde kommune eller private selskap i Sogn og Fjordane.

— At nokon tillegg meg så stor påverknadskraft i styret er jo heilt utruleg. Men det er sikkert greitt å tru på for dei som ønskjer det, seier han.

Han viser elles til at dei fleste styrevedtak har vore samrøystes - og at unntaka har vore dissens frå dei tilsette sine representanar.

Informasjonsproblem

Den einaste form for sjølvkritikk Opseth vil ta på vegner av styret i Helse Førde, går på kommunikasjon med omverda. Det som etter Helse Førdes syn er rett informasjon, har ikkje kome godt nok ut, meiner han.

— Vi har ikkje vore flinke nok til å få folk til å forstå den situasjonen vi er oppe i. Får vi ikkje økonomien i balanse, er heile spesialisthelsetilbodet i fylket i fare. Vi må kutte kostnader, og vi må vere klar over at det vil smerte både her og der, seier Opseth.

Styret skulle måndag vedta det endelege 2005-budsjettet for Helse Førde, men utsette saka til over nyttår. Dermed er det framleis uvisst kor mange titals millionar som må sparast, og kvar kutta kjem.