— Det har ikkje gått hus forbi, nei. Førde vann cupfinalen! brølte ordførar Nils Gjerland då han til tordnande jubel helsa gullvinnnarane velkomne heim i ein fullstappa festsal i Førdehuset.

Hundrevis, truleg 700-800 førdianarar, var møtte fram for å heidre NM-vinnarane. Så mange kom det at ikkje alle fekk plass inne i festsalen i Førdehuset.

Før dei kom så langt, hadde NM-vinnarane, som kom med buss tilbake frå Oslo, gått den fleire hundre meter lange gangvegen til Førdehuset gjennom eit folkehav av faklar og norske flagg.

— Vi er stolte, sa ordføraren, som kunngjorde at formannskapet gjennom eit hastevedtak hadde gitt klubben ei gåve på 25.000 kroner.

Finalen store spelar, 18 år gamle Ruben Inderøy, tykte det var stort å komme heim til ei slik mottaking:

— Vi visste at ein del ville møte opp, men eg hadde aldri trudde det ville bli noko slikt som dette.

Triumfen over Tromsø i mennenes cupfinale laurdag er historisk. Det er første gong eit lag frå Sogn og Fjordane har vunne NM-gull i ein typisk lagidrett.

— Vi hadde ikkje vunne om det ikkje hadde vore for støtta frå publikum, meinte trenaren som no har ei knapp veke på å få spelarane tilbake til kvardagen. For til helga er det seriekamp i Førdehuset. På andre sida av nettet: BK Tromsø.

Apneseth Oddleiv
Apneseth Oddleiv
VINNAR: Førde-spelar Stig Myrmæl får ein god vinnarklem av rådmann Ole John Østenstad (med ryggen til). Ordførar Nils Gjerland t.v.
Apneseth Oddleiv