Påtroppande ordførar Lars Lie (H) stadfestar overfor Kystradioen at det nye fleirtalet i Fjell, Frp., Høgre og KrF, vurderer å gjennomføra ei folkeavrøysting så snart det nye kommunestyret er konstituert. Lie understrekar at dette er ei rådgjevande folkeavrøysting. Han kan difor ikkje garantera at han vil følgja resultatet av folkeavrøystinga.

Lie reknar med at resultatet vil bli ja til bompengar. Arbeidarpartitopp Marianne Bjorøy er forskrekka over forslaget frå fleirtalet. Ho forventar at folket seier nei til bompengar og at det nye fleirtalet i Fjell set heile det nye Sotrasambandet i fare og at det kan bli både 10 og 20 år forseinka.