LENA VERMEDAL

Stortingsrepresentant Ågot Valle (SV) har på oppmoding frå elevar frå Kvinnherad vidaregåande skule skrive brev til kommunalminister Erna Solberg.

Ho krev svar på kva statsråden vil gjera for at Utlendingsnemnda og UDI skal leggja vekt på rapportar frå Kasakhstan i asylbehandlinga.

— Når andre land og organisasjonar har vurderingar som seier at situasjonen i Kasakhstan ikkje er trygg og kan rapportera om eit brutalt politi og grove brot på menneskerettar, er det grunn til å ta ein fornya sjekk. Det kan statsråden sikra utan at ho legg seg bort i ei enkeltsak, skriv Ågot Valle i brevet.

I går oppretta Folkeaksjonen for Nadja ein nettstad der folk kan lesa om saka og skriva seg på ei støtteerklæring for den russiske 35-åringen og dottera hennar Julia (12).

— For oss er det viktig at Nadja og dottera hennar får bu i Noreg og framleis høyre til venekrinsen vår, skriv elevar på nettstaden