Folketalet var relativt stabilt. Det gjekk nedover, javisst, men sakte nedover.

Så berre rant det ut.

— Etter det som skjedde i 2007, er det som om nokon har drege ut proppen. Det vart ei markert større utflytting frå Gulen, seier Trude Brosvik, ordførar i Sogn og Fjordanes åttande minste kommune.

For 577 dagar sidan kom smellen. To tankar ved avfallsanlegget Vest Tank i Sløvåg gjekk i lufta.

Sidan kom luktproblem frå eksplosjonsrestane. Med lukta fekk brått halve bygda problem med kvalme, hovudverk, sår hals og mage.

  • Denne saka har vore i hovudet mitt kvar dag sidan eksplosjonen. På eit tidspunkt var eg veldig redd for kva det var som eksploderte.

KYNISME. Dei to siste dagane har BT skrive om innbyggjarane i den estiske havnebyen Paldiski som fekk dei same helseplagene som i Sløvåg.

Plagene kom med ein spesiell stank over byen, ein stank av kloakk eller forråtning.

Lukta i Sløvåg blir skildra på same vis.

Dette skjedde samtidig som båtar med dårleg bensin gjekk frå Sløvåg til Paldiski.

  • Det er med på å styrke biletet av at ting vi ikkje likar har føregått. Det er ekkelt å tenkje på at Sløvåg har vore ei brikke i ein handel med dårlege varer som bevisst blir sendt til fattige land. Til land som manglar kontrollrutinar og betalingsevne, seier Brosvik.

Båten «Probo Koala», til dømes, leverte heller oljeavfall til eit ivoriansk firma enn til eit nederlandsk.

I Elfenbeinskysten blei avfallet tatt imot for ein 20-del av prisen. Seinare døydde 17 personar av avfallet.

  • Det viser kynismen til enkelte i denne næringa.

MINISTERBESØK. I sommar, vel eitt år etter eksplosjonen, kom miljøvernminister Erik Solheim til Sløvåg.

Der sa han det bygdefolk, forskarar, miljøvernarar, aviskommentatorar, kort sagt alle som brydde seg med å seie noko om saka, allereie hadde sagt: Hadde dette skjedd i Oslofjorden, hadde hjelpa kome med ein gong.

Solheim har også gjenteke dette seinare.

  • Det er overraskande kor lett Sløvåg blir gløymd av omverda, sjølv med den mediestøyen vi har vore i, seier Brosvik.

Miljøvernministeren kom etter at Brosvik hadde skrive brev til statsministeren. Der stod det at fem av hans statsrådar var innblanda i saka, og at det hadde vore fint om ein av dei kom på besøk.

  • Det tok veldig lang tid før det kom ein minister. Eg oppfatta det som alle i starten var opptekne av å seie at det ikkje var deira ansvar. Sylvia Brustad uttalte at kommunen ikkje hadde gjort jobben sin, seier Brosvik.

Det hadde dei ikkje. Dei kom seint i gong, meiner ho.

  • Men det gjorde også dei statlege organa. Ingen tok kontakt, seier Brosvik.

Det positive, meiner ho, er at besøket førte noko med seg. Helseundersøkinga som skal finne ut om innbyggjarane har langtidsplager, er fullt i gong. Oppmøtet så langt er eksepsjonelt godt.

Til sommaren kjem dei første resultata frå undersøkinga.

EKSTRA TRØKK. Eit anna ønskje frå Gulen kommune, er å få 15 millionar kroner til å fikse opp omdømmet. Kommunekassa har blitt berika med to millionar allereie, på grunn av ekstraarbeid etter eksplosjonen.

Men i statsbudsjettet står det ingenting.

  • Regjeringa innrømmer i alle fall at vi har hatt ein ekstra trøkk, seier Brosvik.

Over halvanna år etter ulykka ved Vest Tank, er det framleis langt igjen til gulingane blir ferdig med saka:

Alle tankrestar frå Vest Tank må bli frakta bort. Søknaden for det nye selskapet, Alexela Sløvåg, må bli behandla. Politiet må avslutte etterforskinga, og rettsvesenet ta saka vidare.

Retten må også ta stilling i erstatningssakene mellom Alexela og Vest Tank-eigar Trond Emblem.

Og til slutt: Helseundersøkinga til Haukeland Universitetssjukehus må kome med sin avsluttande rapport i 2013.

Innimellom alt dette, håpar Brosvik, må proppen i Gulen kommune bli sett på plass igjen.

  • Vi er mange som må jobbe for det. Vi må sjå alt det gode som finst her. Det blir grufullt spennande å sjå.

Diskuter Sløvåg-ulykka i kommentarfeltet.

EKKELT: - Det er ekkelt å tenkje på at Sløvåg har vore ei brikke i ein handel med dårlege varer som bevisst blir sendt til fattige land, seier Trude Brosvik, ordførar i Gulen. Ho har vore ordførar i kommunen sidan 1999. ARKIVFOTO: ODDLEIV APNESETH