KJERSTI MJØR

Piercing i slimhinnene — altså, tunge, nase eller kjønnsorgan - er kanskje populært i visse miljø, men ikkje i Blodbanken.

I dei nye retningslinjene for blodgjevarar, som i praksis trer i kraft etter sommarferien, blir personar med slik piercing utestengde frå å gje blod.

Samtidig er karantenetida for tatovering og piercing i vanleg hud utvida frå seks til tolv månader.

Hepatittrisiko

Årsaka er risikoen for hepatitt. Piercing i tunge eller kjønnsorgan er eit såpass nytt fenomen at det knapt var nemnt i det tidlegare regelverket.

— Men denne typen piercing er å rekne som eit kronisk sår i tynne slimhinner, seier overlege i Blodbanken i Bergen, Einar Kristoffersen.

— Dermed blir piercingen ei kjelde til bakteriar, som med jamne mellomrom blir pumpa ut i blodet. Heilt ufarleg for ein sjølv, men risikoen er større for at svært sjuke pasientar kan få infeksjonar gjennom blodet. Dén risikoen er vi ikkje villige til å ta, seier han til BT.

- Som folk flest

Tatovering og piercing er populært blant unge menneske. Kristoffersen er likevel ikkje redd for at dei nye reglane ekskluderer ei potensielt stor «kundegruppe».

— Nei. Blodgjevarar er som folk flest, og folk flest har ikkje tatovering og piercing. Så dette er ikkje noko problem for Blodbanken. Tvert imot kan langt fleire gje blod no fordi det geografiske området er blitt utvida.

Før kunne ikkje folk frå til dømes Spania, Frankrike, Austerrike, Tyrkia eller Midt-Austen gje blod her til lands. I dag er berre folk frå desse områda utestengde:

  • Afrika sør for Sahara
  • Amerika sør for USA
  • Sør-Aust og Aust-Asia

— Dette er ikkje uttrykk for etnisk diskriminering, understrekar Kristoffersen.

— Dei geografiske sperrene er bestemt ut frå ei statistisk vurdering av risiko, og er uttrykk for ei «føre-var»-haldning for å verne pasientane.

Tidlegare var du også uaktuell som blodgjevar dersom du hadde budd eitt år i eit malariaområde. No kan du bli buande i inntil tre år, og likevel gje blod etterpå. Dreg du til Syden, får du heretter karantene hos Blodbanken i fire veker.

GLØYM DET! Denne typen piercing er ei kjelde til bakteriar som med jamne mellomrom blir pumpa ut i blodet. Blodet er ein risiko for sjuke pasientar. <br/>ARKIVFOTO: SCANPIX