Æ vil være lykkeleg gjennomsnittsmann Eller kvinne i et gjennomsnittsland

Åge Aleksandersen

Kulingen blir stiv. Kastar seg over bensinstasjonen, atelieret, riksvegen, bingoen, polet, parkeringsplassen. Møter vegger på rådhuset.

Spennande problemstilling, sa sosialantropologane. Snakk med osingar, sa høgremannen. Os er pop, sa rørleggjaren.

«Folk flest bor i sentrum», stod det om Os i nettleksikonet av og for folk flest.

Vi parkerer i sentrum og går inn.

RÅDHUSET:

— Folk flest? Eg? Nei, den var litt vanskeleg.

Arne tenkjer seg om. Arne er kundeombod i Os kommune, men vikarierer som sentralbord i lunsjen, like ved hovudinngangen. Han representerer folk flest, heilt klart, men kva er han sjølv?

— Eg trur eg er meir folk flest enn før, då var eg leiar der oppe, seier han og peikar oppover.

Han var sosialsjef før.

— No er eg på bakkenivå. Eg har mykje nærare kontakt med brukarane no, eller innbyggjarane, eller kva det heiter.

Ved resepsjonen samlar brukarane/innbyggjarane for å avlegge førehandsstemmer i avlukka ved sidan av hjartestartaren, tett på det store, delvis synlege, måleriet av ein pelskledd mann og barn med hest og slede av... ja, av kven?

— Jonny! ropar Arne og vender seg til ein som er tilsett oppe eller nede, alt ettersom, men Jonny frå kulturkontoret han ikkje seie han veit kven kunstnaren er, han heller.

Der oppe er Terje og tre kommunaldirektørar i møte.

I ti år har Terje vore ordførar. På grunn av slagordet til det dominerande partiet han tilhøyrer, har han litt å svare for.

Men Terje er altså i møte.

— Han er frykteleg organisasjonsmenneske i hovudet sitt, seier Gunvor, sekretæren.

— Høflig, jovial og ryddig er han. Men han kunne godt ha valt eit anna parti!

På veggen har Gunvor politikarane hengande over seg på to sider frå Os & Fusaposten. Dei fleste smiler fordi dei høyrer til same parti som Terje. Mange av dei andre smiler også, merkeleg nok.

Gunvor tar oss med til kommunestyresalen og viser fjesa til alle ordførarane som heng i staselege rammer på veggen der. Golvet har lilla heildekkingsteppe. Ole E. Moberg, ordførar frå 1940-42, skuler skeptisk på plakatane i lokalet. «Os inspirerer». «Vi gjer det vi seier!».

— Terje høyrer eigentleg ikkje til folk flest, seier Gunvor.

Gunvor meiner 1) kommunestyresalen treng fornying og 2) vi er på feil stad dersom vi leitar etter folk flest. Men vi kan alltids kome tilbake når Terje og tre kommunaldirektørar er tilbake.

Vi tar hintet og heisen ned igjen frå der oppe.

OPUS CAFE & BAR:

Ved benken utanfor Opus Cafe & Bar på Osøyro (sentrum) står ei gruppe brukarar/innbyggjarar og røyker: eit varierande tal kvinner i varierande alder som røyker ei varierande mengde sigarettar.

Ei som har raud jakke, raud røykpakke og heiter Berit fortel at ho har gått over til nettaviser. BT er for tjukk til at ho får den oppi postkassa.

— Dritavis!

— Vi kjem frå bt.no, likar du nettavisa vår?

— Helsikes mykje papir, fortset ho, og det oppstår ein diskusjon brukarane/innbyggjarane imellom om Os & Fusaposten er på nett eller ikkje, og konklusjonen endar med å bli både ja og nei.

Ei som har grøn t-skjorte med «nei til oljeboring i Lofoten og Vesterålen» på og heiter Solveig seier til ei med kvit jakke som kjem ut frå kafeen og opphavleg er frå Finnmark at no har ho sjansen til å snakke med Bergens Tidende om folk flest.

Kvinna i kvit jakke som opphavleg er frå Finnmark seier «åh i helsike!».

— Vi er osingar, vi er no litt originale, seier kvinna i raudt.

Ei yngre kvinne i svarte klede med militærveske over skuldra og piercing i øyra som heiter Linda sluttar seg til:

— Kva betyr folk flest? Betyr det å vere slik som alle andre? Då må eg seie nei, eg er ikkje som folk flest, seier ho.

Med det løyser selskapet seg opp.

ANTROPOLOG 1:

Folk flest i Noreg er ikkje meir opptatt av folk flest enn folk flest i andre land, trur Ahn, professor i sosialantropologi ved Universitetet i Bergen.

Det er i sitt syn på ’eliten’ at nordmenn er litt spesielle.

— Å høyre til folk flest blir rekna som positivt. Dette har noko med demokratiske tradisjonar og eit relativt egalitært samfunn å gjere. Det å rekne seg som del av eliten, derimot, er kontroversielt. Det blir oppfatta som noko som går på tvers av likskapsideologien.

Til og med i den intellektuelle eliten er elite bortimot tabu.

— Eg har ikkje treft ein einaste norsk akademikar som vil omtale seg sjølv som elite. Men i Frankrike, for eksempel, er det ikkje noko gale i å vere del av den intellektuelle eliten og slett ikkje i England. I USA vil alle gjerne bli elite. Men i Noreg vil ingen vere elite. Til og med dei rike – og dei kongelege – spelar på folkelege strenger her.

Ahn er opphavleg frå Vietnam, har budd i svært mange land, men har vore lenge i Noreg no. Ho lurer på om ho er blitt folk flest. Men innrømmer til slutt at nei, målt i sosial og intellektuell kapital (ikkje pengar), så er ho elite.

OS GYMNAS, UTE:

Kvar finst den intellektuelle kapitalen i Os? Finst den?

Vi passerer Os Næringspark, bar og bibliotek, vi passerer rundballane i Gymnasvegen. Vi parkerer med god avstand til dei andre bilane ved Os Gymnas, slik alle andre har gjort med tilsynelatande mål om maksimalt dårleg plassutnytting.

— Du er i Os no. Os har alltid vore ein spesiell stad, kommenterer ein kar i førarsetet på ein stor og svart Honda.

— Bergensarane begynte tidleg å kike på Os, men før var det berre ein stad på kartet. No er det blitt veldig attraktivt. Os er pop. Det har blitt eit velregissert samfunn etter kvart, og då tenkjer eg ikkje på politikken, seier han.

Han viser seg å vere rørleggjar.

— Eg er FANAGUTT, det må du for all del skrive med store bokstavar.

Han opplyser at han likevel har ein del strileblod i kroppen og konkluderer med at han er som folk flest.

— Å ikkje vere folk flest... då ville eg ikkje kjent meg som ein open og ærleg person, seier fanaguten.

OS GYMNAS, INNE:

Ein lærar kjem ut frå kontoret til ass. rektor.

— Kem e’ dokker på jakt etter?

— Folk flest.

— Heh-heh. Det trur eg ikkje du finn her.

Vi er på rett veg.

Lærarrommet består av to soner. Menn og realfag i den eine enden, kvinner og humanistiske fag i den andre. Den samlande faktoren ser ut til å vere skiver i matpapir med agurk og salami.

Realfagslærar Knut tar ordet. Han seier han ikkje høyrer til folk flest politisk sett, fordi han høyrer til eit anna parti (Arbeidarpartiet) enn Terje nede på rådhuset. Ingen, som nokon veit om, tar Terjes parti.

Om du høyrer til folk flest eller ikkje, kjem an på kva du føler, meiner Knut, eventuelt om du føler.

— Folk flest er folk med vanlege kjensler – sinne, glede, sorg – og interesser. I Noreg har dei ofte med natur å gjere. Eg er for eksempel glad i å fiske, seier Knut og konkluderer med at vi er på feil stad dersom vi ser etter eliten.

— Men «han», seier ein annan realfagslærar lurt og peikar på ein tredje realfagslærar, han fekk jo kulturprisen!

— Eg er ein gjennomsnittsmann, parerer kulturprisvinnaren.

I det humanistiske hjørnet er tilnærminga meir filologisk. Det fell ein kommentar om «folk flest» som mytisk storleik frå ei som heiter Kirsten. Men så ringer det inn.

Vi prøver rektors kontor.

Bjørn Erik Larsen

— Ka e’ vinklingen? spør rektor.

Rektor seier han er høgremann.

Han slår fast at folk flest er snille og greie og positive og samarbeidsvillige. Men han er frå Nesttun.

— Kanskje det er betre å snakke med osingar om folk flest, seier rektor, men jo, klart det, han er absolutt som folk flest, han også.

— Det er ikkje noko spesielt med meg. Eg går på jobb om morgonen som alle andre, går heim, et middag, leikar litt med ungane og hjelper litt med leksene kanskje, ser litt på TV...

PEKING HOUSE:

Det har med ein viss rett blitt hevda at folk flest bor i Kina. Det finst nokre kinesarar på Os. I alle fall to.

Men på Peking House finst det ikkje folk, berre tomme bord. Av og til kjem eldre folk og spør etter kjøtkaker og raspeballar og går igjen. Av og til kjem yngre folk og kjøper kinesisk mat, mest i helgane. Men i dag ingen. Kinesiskinspirert lampe frå Ikea hjelper ikkje.

Det kjem traktekaffi på bordet.

— Folk på Os et lite på restaurant. Vi har ikkje bil, så vi kan ikkje køyre ut mat heller. Dessutan er vi berre to her på restauranten, seier Li og ser bort på sonen, 21 år gamle, Liang. Ho kom til Noreg i 2002 og fire år seinare kom han etter.

— Noreg er fint, men litt stille, seier Liang og ser ut vindauget og på gata som no er tømt for folk. I heimbyen i den sørlege delen av Kina er mange av dei ti millionar innbyggjarane ute til langt på kveld. Og folk går på restaurant.

Føler dei at dei høyrer til folk flest? Li og Liang føler at dei ikkje forstår spørsmålet. Folk flest? Kva er det?

— Vanlege folk? Aaah!

Det raraste med folk flest/vanlege folk i Noreg, synest Liang, er at deter så mange som ikkje jobbar, men går på trygd i staden.

— Eg forstår det om du er gammal, men når du er ung, kvifor?

ANTROPOLOG 2:

  • Folk flest er dei som ikkje er i media, ikkje høgt utdanna, ikkje arbeidslause, ikkje narkomane. Kunstnarar er heller ikkje folk flest, seier Runar.

Sosialantropologen Runar, forfattar av boka «Rype med lettøl», drikk mykje lettøl. Ein gong, som del av doktorgradsarbeidet sitt, gjorde han det til sosialt eksperiment å drikke mykje lettøl blant folk flest. Folk flest synest ikkje noko om lettøl, viste det seg, og særleg ikkje til ryper (i Østfold, vel å merke).

Matpakke i matpapir derimot er ein klar folk flest-indikator.

— Vi lever i eit lagdelt samfunn, eit klassesamfunn. Det som er så spesielt med Noreg er at vi ikkje heilt vil vedkjenne oss det. I staden for å seie at ein høyrer til arbeidarklassen, definerer ein seg negativt i forhold til visse verdiar – verdiar som seier kva ein ikkje er. Med det blir ein ein representant for folk flest, seier Runar.

Eit kjenneteikn ved folk flest, forklarer antropologen, er at dei ikkje tar avstand frå fellesskapet. Det å nekte å klappe på sydenflyet, for eksempel, er ein typisk middelklasseverdi (ikkje folk flest).

— Dette er eit veldig sympatisk trekk ved folk flest. Dei definerer seg ved hjelp av likskap ikkje ulikskap. Her har middelklassen litt å lære. Det er ikkje nødvendig å vere så jævla original heile tida.

— Høyrer du sjølv til folk flest?

— Nei, ærrugæærn?!

POLET M.M.:

Vi hamnar på polet av to grunnar. For det første seier jenta bak disken på Mix at vi bør prøve polet om vi vil finne folk flest. På Mix er det berre ho.

For det andre, vi vil finne ut kva folk flest drikk.

Men først vil vi prøve Runars utsegn om kunstnarar. Vi stikk vi innom lokalet kommunen låner ut til atelier for kunstnarane (der Terje sat modell under opninga i juli) så lenge ingen andre vil leige.

Bjørn Erik Larsen

Audhild, den eine kunstnaren som er til stades, stadfestar at ho kjenner seg som folk flest («vi er menneske vi også»), trass det heller abstrakte måleriet ho held på. Det er elles rikeleg med figurativ kunst i lokalet.

Inne på polet går det mykje i italiensk vin og «sjølvsagt konjakk», ifølgje Ragnhild som er fungerande sjef. Bak henne stablar ein kollega betydelege mengder Jägermeister.

Polet på Os opna det året Terje tok roret der oppe. Det er tiårsjubileum i år.

RÅDHUSET, IGJEN:

— Terje! Han rekkjer fram handa og inviterer inn på kontoret.

— Det har vore ein suksess. Den brandingen som starta i 94 er ein av grunnane til at det tok slik enorm fart etter Bolkesjø (Dolkesjø, red. merkn.).

Bjørn Erik Larsen

Terje tar gjerne ein del av æra for at slagordet har hatt slik effekt på folk flest. Merkevarebyggingja begynte i hans tid på riksplanet. No prøver han same oppskrifta på lokalplanet.

Utanfor rådhuset blafrar tre oransje flagg friskt i kulingen: «Os inspirerer».

— Folk flest har blitt forbrukarar når det gjeld politikk, seier Terje.

Vi tar heisen ned.

Kven er folk flest? Bruk kommentarfeltet under.