Dermed må mannen sone halvanna år i fengsel for bildrap. I tillegg må han betale tilsaman 283.392 kroner i erstatningar og oppreising etter frontkollisjonen på riksveg 53 mellom Årdalstangen og Øvre Årdal i lørdag 21. februar i fjor.

To i promille, hugsar null Mannen hadde ei promille på mellom 2,3 og 2,5 da han skjena over i motsett kjørefelt og frontkolliderte med dei fire eldre damene i Fiestaen som kom imot. Han hevda i retten at han ikkje hugsa noko mellom klokka og fram til han vakna på sjukehus klokka 22 ulykkesdagen.

Sogn tingrett peikar på at tiltalte sjølv kunne hugse å ha drukke sprit tidlegare om ettermiddagen, og at rusen såleis var sjølvpåført. Vidare meiner retten at han ikkje følgde opp si eiga diabetes-behandling godt nok, og at han ikkje var aktsam med tanke på kombinasjonen av sjukdom og alkoholbruk.

Sjølv om retten festar lit til at 66-åringen mista hukommelsen ein periode, meiner den at han ikkje var utan medvit i straffelova sin forstand.

– Liten sjukdomsinnsikt

– Han kunne oppfatte det som vart sagt og var i stand til å orientere seg, slår retten fast om mannens tilstand like etter kollisjonen.

Dermed meiner retten at tiltalte ikkje hadde nedsett medvit, og at han må dømmast som om han var edru. Sjølv om retten slår fast at legane gav tiltalte eit dårleg behandlingsopplegg for sjukdommen, meiner retten at tiltalte sjølv også har eit ansvar. Han har liten sjukdomsinnsikt, og gjorde i årevis lite for å følgje opp sin eigen sjukdom, heiter det i dommen.

– Den grove aktløysa tiltalte utviste med sitt høge alkoholinntak og si nærast neglisjering av diabetesproblema, samt det faktum at to vart drept og to skadde, tilseier at straffa må setjast til eitt år og seks mpånader, konkluderer retten.

Dei fire damene var på veg mot Årdalstangen i den vesle personbilen da dei frontkolliderte med tiltalte. I tillegg vart ei kvinne i ein tredje bil også skadd i ulykka.

Blir anka

Den eine kvinna døydde i ambulansen på veg til sjukehuset, den andre på sjukehus 14 dagar seinare. Retten meiner at dei to hardast skadde kvinnene på 79 og 82 år var aktive og spreke for alderen, og at dei har fått livskvaliteten vesentleg redusert. Tiltalte er dømt til å betale erstatning og oppreising til dei begge.

Domfelte er korkje straffa eller bøtelagt tidlegare. Forsvararen hans, advokat Jan C. Dyngen, meiner dommen er feil, og ser fram til ein ny runde i lagmannsretten.

– Retten har etter vårt syn tatt dette i feil rekkefølge, og konkluderer dermed med at det er alkoholinntaket og ikkje føling som er årsaka til ulykka. Min klient hadde fleire andre gonger nytt alkohol etter jobb ein lørdagsettermiddag, utan at noko skjedde. Men denne gongen fekk han så kraftig føling at han har handla irregulært, seier Dyngen. – Det var ikkje alkoholen, men sjukdommen som gjorde at han miste medvitet og sette seg bak rattet.