Dette skriv HSD i ei pressemelding.

Fredag oppstod det brann i ein av dei 4 motorane på ferja. Mannskapet reagerte raskt og fekk sløkt brannen, og hindra dermed at den fekk utvikla seg til ein alvorleg situasjon. Ingen kom til skade som følgje av brannen.

Årsaka til brannen var oljesprut frå ein av dei andre motorane. Motoren som forårsaka brannen er no kopla ut og blir tatt i land for full gjennomgang og sjekk, melder HSD.