I morgon blir HSDs tidlegare så stolte pionerferje heist om bord på Eide Marine Services sitt lasteskip for transport til Hardanger Fartøyvernsenter i Norheimsund.

Der skal 72-åringen restaurerast og nyta pensjonisttilværet som museum.

— Hadde ho ikkje kome heim no, ville det aldri skjedd, seier Viggo Nonås, Tide-kaptein og veteranbåtentusiast som på fritida driv Fusa Dampskibsexpedition.

Han var i 2005 initiativtakar til aksjonen for å henta «Folgefonn» heim.

Båtklubblokale på Themsen

Tysdag denne veka kunne han heisa HSD-flagget i masta på ferja, i trygg forvissing om at no er klenodiet sikra for ettertida.Direktør Geir Madsen og andre medarbeidarar ved fartøyvernsenteret var denne veka saman med Viggo Nonås i London for å førebu «Folgefonn»s tilbakereise over Nordsjøen.

Ferja har lege på Themsen-elva utanfor London og fungert som båtklubblokale sidan 1980. Men no har Erith Yacht Club fått ny tilhaldsstad på land, og har overlate «Folgefonn» til norske eigarar.

Størst og best

«Folgefonn» var landets største og mest moderne ferje då ho blei levert frå Bergens Mek. Verksted 2. juni 1938. Fartøy spesialbygde for biltransport var unikt den gongen.

«Folgefonn» hadde plass til 20 bilar, og trafikkerte dei første åra sambandet Kvanndal-Utne-Kinsarvik. Ho var i trafikk for HSD (Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap — Tide frå 2005) heilt fram til 1979, og blei selt til England med sikte på ombygging til turisttrafikk i Egeerhavet.

Men ferja blei verande i England. Heilt fram til no.

Etter eit transportoppdrag til Finland, kjem MS «Eide Trader» til Norheimsund med si spesielle skipslast om to veker.

Er lite ombygt

— På den lange tida i London er det ikkje mykje som er ombygt. Ferja er attlukka framme og bak. styrehuset er ribba innvendes, og maskinen er fjerna. Men svært mykje originalt er att, blant anna lugarseksjonen og den flotte salongen forut nede. Likevel treng nok ferja ei større restaurering, seier Viggo Nonås.

Riksantikvaren har sett den kulturhistoriske verdien i den gamle fjordaferja, og har i første omgang løyvd 1,9 millionar kroner til «Folgefonn»-prosjektet.

Frå MF «Samband» har senteret kjøpt ein Wichmann-motor, tilsvarande den «Folgefonn» hadde sist, for å plassera i veteranbåten. Med tida vil ferja bli plassert inntil ein ferjelem som fartøyvernsenteret har sikra seg, med historikk frå Fusa og Borgundøy tilbake til 1948.