Fingrar og føter, nasetipp og tær. Alt er som det skal vere. Men enno er det litt tidleg å seie kven den vesle guten liknar på. For han ligg framleis og godgjer seg i mammas stadig større mage.

Det ufødde barnet er berre 19 veker gamalt, og skal ingen stader før utpå seinsommaren ein gong.

Men hos jordmor Margot Waardal på Ultralydlaboratoriet på KK får mor og far likevel tjuvkikke litt på han som skal kome. Alt er i skjønnaste orden.

Også ekteparet Helvik har fulgt med på det som har vore framme i media om dødfødslane. Men dei har aldri vore urolege for å føde på KK.

— Det er jo ikkje kjekt å høyre om, og litt ekkelt er det når ein er gravid sjølv, seier Sissel Helvik til BT.

— Men vi føler at vi er i dei beste hender her, og har berre gode erfaringar med KK. Alt har jo gått bra så mange gonger før, fortel ektemannen.

Sissel og Magnar Helvik har nemleg fem barn frå før: Fire gutar og ei jente.

— Dei er ikkje så enkle å få til, jentene. Vi er flinkast på gutar, ler dei.

Det er berre eit ørlite problem. Kva skal barnet heite?

— Vi anar ikkje! Vi har snart brukt opp alle gutenamna, ler mamma Sissel.

AUGUSTBARN: Det 19 veker gamle fosteret på skjermen blir nummer seks i søskenflokken på Tysnes. Sissel og Magnar Helvik, som dermed har lang erfaring med KK, føler at dei er i dei beste hender. Her hos jordmor Margot Waafdal på ultralydlaboratoriet.<p/>FOTO: JAN M. LILLEBØ