Stikkordet er rasfarlege Kjøsnesfjorden i Jølster, stamvegstrekninga som blei kjend over heile landet etter at 32 bilar og bortimot 70 personar sat innsperra i timevis mellom titals jord— og steinras ein novembersøndag for to år sidan. I oktober skapte lovnader om rassikring frå regjeringa varmande jubelscener. To månader seinare har saka enda i krangel og politisk spel.

Det var ikkje nissen

Same dagen som statsbudsjettet blei presentert, 6. oktober, kom statssekretær i Samferdsledepartementet, Steinulf Tungesvik, til Kjøsnesfjorden med gledesmeldinga: Sikringa av den rasfarlege strekninga skulle starte i 2007, to-tre år tidlegare enn rekna med. Leiaren i aksjonskomiteen for rassikring av stamvegsambandet, Ola Søgnesand, jubla og spanderte kake på vegfarande over at det rasfarlege partiet skulle leggjast i tunnel.

Ein god månad seinare snudde stemninga. Det som hadde drukna i jubelscenene 6. oktober, var at sikringsarbeidet i Kjøsnesfjorden hadde blitt 80 millionar kroner dyrare. Pengane for å framskunde prosjektet, måtte hentast frå ramma fylket hadde fått til rassikring. Det måtte omprioriterast internt i Sogn og Fjordane. Andre vegar med trong for rassikring såg ut til å bli utsette.

Kjende seg lurte

Navarsetes tidlegare kollegaer i fylkestinget i Sogn og Fjordane har ikkje vore nådige i kritikken. Dei kjende seg lurte. Harry Mowatt (Ap) hevda at Navarsete hadde lova tunnel til 200 millionar, medan ho berre hadde ti millionar å betale med. Statsråden slo tilbake, og kritiserte fylkestinget ho sjølv sat som sentral medlem av før ho kom på Stortinget og blei statsråd, for å vere lite konstruktive.

I går toppa striden seg då fylkestinget i Sogn og Fjordane, mot veldig protestar frå eit engasjert Senterparti, avviste løysinga Samferdsledepartementet ville ha. Fleirtalet, 27 mot 12, nekta å omprioritere. I staden bad dei om meir pengar.

— Vi har eit behov for to milliardar kroner til rassikring. Dei neste ti åra er det sett av 434 millionar. Dette er ein situasjon vi ikkje kan leve med, seier gruppeleiar for Ap, Tor Bremer.

Møte i døra

Mathias Råheim i Høgre meiner Navarsete møter seg sjølv i døra i striden om Kjøsnesfjorden.

— Det vi gjer er i tråd med det samferdsleminister Navarsete sjølv har sagt om at Sogn og Fjordane må presse på for å få meir pengar. Det var ho ein sterk talskvinne for som gruppeleiar for Senterpartiet i fylkestinget, og ho har teke det opp att som statsråd, seier Råheim.

Sp har stått last og brast med sin eigen statsråd i den omstridde saka, og Knut M. Olsen brukar storsleggja mot fleirtalet:

— Dei sa nei til at 139 millionar kroner blir brukt til rassikring tre år tidlegare enn planen, seier Olsen. Han meiner det vil bli lagt merke til at to av partia i fylkestinget i Sogn og Fjordane gjekk mot si eiga regjering.

— Det er ikkje spesielt klokt i ei sak der regjeringa har prøvd å spele på lag med oss.

Apneseth Oddleiv