Forliket som Zwart og hans advokat, Per Hagelien ved advokatfirmaet Schjødt i Bergen, har inngått med staten, inneber at erstatningssaka som skulle gått for Oslo byrett mot slutten av året blir trekt.

— Eg føler at vi har fått fullt medhald. Dette var det kravet vi sette fram for Regjeringsadvokaten, og det er faktisk ganske oppsiktsvekkjande at dei aksepterer. Det er svært sjeldan staten tek på seg ansvar for personar som lir som følgje av at tenestemenn har opptrådd aktlaust, seier advokat Hagelien til Bergens Tidende.

— Er det gitt noko forklaring på kvifor erstatningskravet blir godtatt?

— Forklaringa er vel Regjeringsadvokaten har komme til at sjansen for å tape i retten var svært stor. Og at dei av den grunn gav seg.

Starta i 1997

Det er ei av dei mest omtala sjukehussaker i landet som det no blir skrive siste kapittel om. Opptakten kom i VG, i form av store oppslag om ei rekkje tilfelle av fødselsskader ved sjukehuset i Lærdal der Zwart var einaste fødselslege. Statens Helsetilsyn granska 15 tilfelle av fødselsskader like tilbake til 1980-talet, og konkluderte med Zwart hadde opptrådd uforsvarleg i ti av dei.

Helsetilsynet viste til brot på legelova og alvorlege feilvurderingar. Konkret peikte dei på at det hadde blitt brukt sugekopp og tang på barn som burde vore tatt med keisarsnitt. Lærdalslegen blei fråtatt lisensen.

Men avgjerda var omstridd. Statens legeråd vurderte Zwart-saka to gonger, og meinte det ikkje fanst grunnlag for å ta frå han autorisasjonen.

Også i Helsetilsynet sat avgjerda langt inne. Etter det Bergens Tidende kjenner til fekk Sogn og Fjordane fylkeskommune, som då eigde sjukehuset i Lærdal, berre få dagar før avgjerda klare signal frå høgt hald i tilsynet om at det ikkje ville bli reaksjonar. Då det motsette skjedde slo det ned som ei bombe både på fylkeshuset og i sjukehusleiinga.

Rettens veg

Dick Jan Zwart gjekk rettens veg for å få autorisasjonen tilbake. Han protesterte aldri på at han hadde gjort feil, men meinte ein uhaldbar arbeidssituasjon ved sjukehuset var årsaka. Frå 1979 til 1992 hadde Lærdal-sjukehuset berre ein gynekolog, og varierande tilgang på anestesilegar. Dette var ein heilt vanleg situasjon på mange småsjukehus. Dick Jan Zwart hadde vakt 24 timar i døgnet, og fekk ikkje oppdatere seg fagleg.

I Oslo byrett tapte fødselslegen, men ankesaka for Borgarting lagmannsrett enda med full siger. I ein samrøystes dom slo tre juridiske og to medisinske dommarar fast at Zwart skulle få tilbake autorisasjonen. Arbeidsforholda var skuld i fødselsskadane. I tillegg fekk legen erstatning på 800.000 kroner for å dekke sakskostnadene sine.

Burde unngått krangel

— I ettertid av dommen i lagmannsretten har vi krangla i eitt år med Helsetilsynet og eitt år med Regjeringsadvokaten. Så klar som dommen var frå Borgarting, burde det å få erstatning vore plankekøyring, seier advokat Hagelien.

Erstatningssummen Zwart no får utbetalt er på 950.000 kroner. I tillegg kjem renter.

— Summen skal først og fremst dekke tapt pensjonsinntekt, opplyser advokaten, som ikkje legg skjul på at han meiner kampen om erstatning har vore frustrerande.

— Staten skal på eit vis passe på oss alle. Då blir det ganske spesielt å gå til kamp for ei slik sak, meiner Hagelien.

GLAD: – No er endeleg all elendigheita over, konstaterer Dick Jan Zwart. Lærdalslegen får nær ein million i erstatning. Siste kapittel er skrive i ei snart fem år gammal sak.
FOTO: JENS HAUGE