Verken overjordmor Marianne Øren eller jordmor Anne Eriksson har på seg den vanlege kvite arbeidsuniformen.

— Det er ingen vits i å kle seg om. Her skjer ingen ting, seier Øren.

Ho legg vekk strikketøyet. Kollegaen Anne Eriksson er ei av fem svenske jordmødrer som er fast tilsett her.

Dei to damene viser oss rundt. Her er alt som trengst på ei fødestove; sengene står klare, utstyret er på plass. Plast på sengene hindrar total nedstøving. Sidan juni har dei ikkje hatt ein einaste ordinær fødsel, berre ein hastefødsel.

— Det er så trist å sjå korleis vi har mista alt, seier Marianne Øren.

Ingenting å ta seg til

Den forsterka fødestova i Lærdal vart stengt før sommarferien i år, då regjeringa endra retningslinene for fødselsomsorga i Norge. Denne typen forsterka fødestove vart dermed avvikla.

Styret i Helse Førde skal avgjere om Lærdal i framtida skal ha ei jordmorstyrt fødestove eller berre poliklinikk med følgjeteneste for gravide som skal føde på Voss eller i Førde. I mellomtida følgjer jordmødrene sine vaktplanar på føden i Lærdal, utan å ha noko særleg å ta seg til.

Ved den tilsvarande fødestova på Gravdal i Lofoten vert drifta ført vidare, trass i regjeringsvedtaket. Det same skjer ved fødestova på Odda sjukehus. Der skal dei snart avgjere om Odda i framtida skal sortere under Helse Bergen snarare enn dagens ordning med Helse Fonna. Fødestova vil bli driven fram til dette er avklart, truleg godt ut i 2012.

— Når ein skal gå over til jordmorstyrt fødestove, må denne vere knytt opp til ei modereining. Då må vi vite om det skal vere Haugesund eller Bergen, så vi avventar og ser dette i samanheng med prosessen rundt føretaksgrensene, seier direktør Laila Nemeth ved Medisinsk klinikk i Helse Fonna.

- Ønskjer ikkje tilbodet

I Lærdal har sjukehusaktivist Bente Øyen Hauge si klare meining om bakgrunnen for at Helse Førdes bemanna fødestove står ubrukt:

— Det er tydeleg at Helse Førde ikkje ønskjer å ha noko fødetilbod ved Lærdal sjukehus. Det skin heilt klart gjennom, seier Øyen Hauge.

_> Det er ingen vits i å kle seg om. Her skjer ingen ting.

Marianne Øren, overjordmor_

Ho viser til at Helse Førde seinast tok opp framtida for fødetilbodet i Lærdal under samleposten eventuelt på styremøte 30. september. Her la dei fram ein risiko- og sårbarheitsanalyse Øyen Hauge meiner er under all kritikk.

— Rapporten har eit smalt fagleg perspektiv, er defensiv og svært problemorientert overfor ei vidareføring av fødestova. Den inneheld lite eller ingenting om det vesentlege i saka - nemleg konsekvensen for dei fødande i Indre Sogn når fødetilbodet vert lagt ned, seier ho.

Inga framtid

Mens jordmødrene ventar på at styret i Helse Førde skal bestemme seg, følgjer dei fødande i Indre Sogn til sjukehus på Voss eller i Førde. Anne Eriksson har vore fast tilsett jordmor i Lærdal i 23 år.

— Eg er jo framleis tilsett her. Men eg ser ikkje noko framtid i dette, seier ho.

Kollega Marianne Øren er samd.

— Det er trist for alle fødande i Indre Sogn. Men kvinnene her i distriktet treng framleis råd og hjelp, både før og etter fødselen. Og her går vår kompetente barnepleiar og gjer reinhaldsarbeid, seier ho.

Kva meiner du om saka? Bruk kommentarfeltet under.